Med EU forsvinn også ei rekke viktige miljølover. Derfor blir valet av ny statsminister eit viktig miljøval, skriv James K. Puchowski.

James K. Puchowski, engelsk-skotsk språkforskar, medlem i Det skotske grøne partiet
James K. Puchowski, engelsk-skotsk språkforskar, medlem i Det skotske grøne partiet

Storbritannia vil ut av Den europeiske unionen. Det var ei overrasking for dei fleste, som tenkte at Brexit aldri ville bli mogleg. For andre, som meg, var det umogleg å unngå.

No er dei konservative på jakt etter ny leiar, og denne nye leiaren skal også bli den nye statsministeren vår. Dersom han eller ho ikkje har ein klar plan for korleis me kan redusera CO2-utslepp og gå vekk frå investeringar i farlege teknologiar som fracking (ein teknikk som pulveriserer bergartar for å utvinna olje på land, red.anm), er dette dårleg nytt for oss som har jobba beinhardt for ei grønare framtid.

Dei treng jobbar. No.
Når Storbritannia forlét unionen, kanskje i løpet av 2-3 år, er det veldig viktig at landet ikkje gløymer miljøansvaret sitt.

Det konservative partiet skal prøva å finna ein ny høgreorientert leiar som kan bli populær blant dei som stemte for å lausriva Storbritannia frå EU. Dei fleste konservative er også dei som gjerne vil fracka det britiske landskapet, slik at me vil vera avhengige av fossilenergi også i åra som kjem. Dei kjem til å seia at fracking er noko som kan bringa nye jobbar og meir investering til dei delane av landet som er blitt fattigare og fattigare.

Det er diverre nett dei regionane eg snakkar om som var mest for Brexit. Og dei er desperate. Dei treng jobbar og dei treng dei no.

Skotsk sjølvstende meir aktuelt
Me veit at det finst like mange nye jobbar i alternative industriar, særleg i heimlandet mitt, Skottland. Der finst det allereie mykje potensial for vindenergi. Dersom Storbritannia får ein ny statsminister som ikkje gjer nok for miljøet – som ikkje vil satsa på det – må Skottland byrja å førebu seg på endå fleire debattar om sjølvstende, sidan lausriving kan bli den einaste måten me kan bevara ein progressiv miljøpolitikk.

Det er sjølvsagt mange som er lei av sjølvstendespørsmålet, men ærleg talt har det aldri vore like aktuelt som no. Skottanes politiske prioriteringar er i strid med Storbritannias eigne planar, og me må handla no. Me må ikkje mista fokuset vårt – no er det på tide å skapa ein ny politisk veg for landet.

Britane har sett mykje på spel
Akkurat no opplever britane stiller britane spørsmålet; «kva no?». Det har diverre ikkje nok å seia at me skal forlata EU – politikarane våre må komma med nye planar og idear. Eit Storbritannia som har valt å verta kvitt EU, og med det ei rekkje viktige miljølover som gjeld heile unionen – ein union som alltid har gjort det tydeleg at me har eit miljøansvar – er ikkje greitt.

Me vera klar over at det no er meir sannsynleg at eit EU-fritt Storbritannia ikkje skal bli meir medvite om miljøet som eit resultat. Ved å stemma for Brexit har britane sett mykje på spel.

Les meir:

Etter Brexit måtte Ben Scyvier ta til tårene: – No veit ingen kva som skjer

Storbritannia har vore kaotisk sidan dei bestemte seg for å forlata EU – no lider britane av Bregret

«Død over forrædarar, fridom for Storbritannia.» Dette sa 52 år gamle Thomas Mair då han blei stilt for retten førre veke for mordet på det britiske parlamentmedlemet Jo Cox. Det var eit skummelt teikn på aukande høgreekstremisme i Europa, skriv Dubie Toa-Kwapong.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

ANNONSE