2015 var eit rekordår for fornybar energi

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tillegg er det aldri investert så mykje pengar i fornybar energi som i fjor, skriv The Guardian. I fjor auka investeringa i rein energi med 286 milliardar dollar. Av dette gjekk 56 prosent til solenergi og 38 til vindkraft.

Summen som vart brukt på fornybar energi var meir enn dobbelt så stor som summen brukt på kol og gass, ifølgje rapporten frå REN21 (Renewable Energy Policy Network for the 21st Century).

– Det mest overraskande med desse tala er at dei kom i ein periode der prisane på fossilt drivstoff var historisk låge, og fornybar energi låg dårleg an med tanke på statlege midlar. For kvar dollar som vart brukt på å løfta fornybar energi, vart det bruk nesten fire dollar for å halda ved like tilknytinga vår til fossilt brennstoff, sa Christine Lins, leiar i REN21.

2015 var eit godt år for fornybar energi på fleire måtar – det vart også skapt mange fleire arbeidsplassar på feltet. Mykje grunna eit stort løft for solenergi i USA, vart det skapt så mykje som åtte millionar nye arbeidsplassar innan fornybar energi i 2015, skriv The Guardian.

Les meir:

Ein annan rapport gir oss eit nedslåande tal: 23.000 døyr av kolforureining kvart år i Europa.

Uvissa knytt til offisiell energistatistikk frå Kina er stor, ifølgje forskarar ved CICERO. Me veit ikkje kor mykje kol som blir brukt i Kina, verdas mest folkerike land.

I ei undersøking frå tidlegare i vår sa åtte av ti at dei uroar seg over klimaendringane.