André Nilsson Dannevig såg eit underleg fenomen på skulen han gjekk på, og vart nysgjerrig.

mm

Framtida til nynorsken er avhengig av menneska og brukarane av nynorsk, og ikkje nynorsken i seg sjølv, seier André Nilsson Dannevig.

Denne våren leverte han masteroppgåva si i lingvistikk om målbyte til nynorsk på ein spesifikk vidaregåande i Oslo. Haldningane i hovudstaden gjer han ekstra fascinert over tendensen, som har vart over fleire år.

På landsbasis søkk talet på nynorskbrukarar jamt og trutt, difor er det så spesielt at det kjem nye på denne skulen i Oslo. Generelt er nynorsk lite synleg i Oslo, medan debatten rundt er veldig synleg. Det er mykje negativitet rundt undervisning, vurdering og kva kulturell verdi nynorsken har. Det er ikkje marknad for nynorsk i Oslo. Men sjølv om statusen er låg, vel dei å investere mykje i nynorsken fordi dei finn det meiningsfullt.

Under Dei nynorske festspela i juni Jon Hustad takka for nynorskpris med radikalt framlegg: – Sidemålsundervisninga bør avviklast

Fleire bytte til nynorsk før
Lingvisten kjente til fenomenet fordi han sjølv har vore elev på skulen som i oppgåva er anonymisert til «St. Peter». Sjølv har han aldri skrive nynorsk, utanom då han måtte det i skulen.

– Eg har høyrt om vaksne som byter i akademia, men på andre vidaregåande skular i Oslo trur eg det er få personar som byter. Mange veit ikkje at det går an og forstår ikkje kvifor nokon gjer det. Når eg fortel om denne skulen er det mange som aldri har høyrt om det, men då eg gjekk der var det 11-12 stykk på mitt trinn som bytta til nynorsk. I dag er det berre snakk om éin elev, forklarar Dannevig.

I oppgåva har han gjort intervju og observasjon med tre elevar – «Veslemøy», «Storm» og «Tuva», der sistnemnde framleis er elev på skulen.

Denne veka gjestar Dannevig Norsk Målungdom sin sumarleir i Søgne for å fortelja om funna sine.

Les intervju med dei einaste nynorskelevane i Osloskulen her!

Aktiv målungdom
– Kvifor er det så mange på akkurat denne skulen som byter?

– Det er vanskeleg å seia, men når dei kjem dit har det ein slags aksept. Nynorsk har ein høgare verdi enn elles i Oslo og det er strukturar på skulen som gjer det mogleg å vera interessert i nynorsk.

Av faktorane som låg til rette nemnar Dannevig at Målungdommen er tilstades på skulen, nynorske lærebøker er tilgjengelege – i alle fall etter ei stund – og lærarane var i hovudsak positive.

– Unnataket er læraren til «Tuva», som ville vurdera kompetansen hennar fyrst. Det vert snakka om at det er ein tendens i nynorskmiljøet at mange er oppteken av korrektheit og at nynorsken skal vera på eit visst nivå. Dei som bruker nynorsk kan bli fanga i ein debatt om kva som er bra og utfordra på nynorsken om han er dårleg. Det er neppe positivt

Men i det store å heile såg det ut til at målbyte i skulen vart sett på som eit legitimt val, som det ikkje vart stilt spørsmål ved.

Tidlegare leiar i Målungdommen, osloguten Karl Peder Mork, bytta sjølv målform på vidaregåande.

– Eg har alltid hatt eit ønske om å engasjere meg i noko, men det slo ikkje heilt gjennom før eg møtte Målungdommen. Eg var ikkje venleg innstilt i utgangspunktet – men lytta og diskuterte, fortalde Mork i eit intervju då han vart leiar.

Sosialt språkaspekt
I oppgåva har masterstudenten brukt ei sosiolingvistisk tilnærming og støtta seg til den franske sosiologen Pierre Bordieu. Han meinte at bruk av språk er ei sosial handling, som aldri oppstår i eit vakuum.

Alle dei tre personane hadde eigne grunnar for målbytet, som ikkje alltid var språkleg relaterte.

– «Veslemøy» hadde alltid hatt eitt ålreit forhold til nynorsk. Ho hadde lese litt litteratur på nynorsk og då ho kom til skulen innsåg ho at det var eit miljø for det. Ho var ikkje heilt inne i det sosiale miljøet i klassen og såg ein inngangsport til eit sosialt miljø med mållaget og det språklege engasjementet.

Ut av nynorskbobla
Men både «Storm» og «Veslemøy» slutta å skrive nynorsk etter at dei gjekk ut av vidaregåande.

«Veslemøy» opplevde at nynorsken ikkje vart verdsett like mykje ute i høgare utdanning. «Storm» vart på si side meir oppteken av andre politiske saker og tilpassa seg storsamfunnet, der nynorsk kan vere ei ulempe.

Om «Tuva», som drøymer om å bli norsklærar og har lyst å spreie positive haldningar og kunnskap om nynorsk, vil halda på målforma etter fullført vidaregåande veit ingen i dag.

– Nynorsken har sitt eige miljø, men utfor skulen er det noko heilt anna, forklarar Dannevig.

Både lingvisten og Mållaget understrekar  viktigheita av å verte eksponert for språket.

Dannevig meiner diskursen i media, med ein ofte negativt vinkla sidemålsdebatt og spørsmål ved verdien av nynorsk, held ved like nynorsken sin låge status.

Han dreg fram «Storm», som haldt fram under visse vilkår, men fann ut at folk ikkje søkte på nynorske ord, slik at om folk skulle finne artiklane hans måtte han ha bokmålstags.

– Strukturane er ikkje der for å halda språket oppe. Det dei ville oppnå med nynorsken var ikkje lenger mogleg utfor skulen, verka det naudsynt å gå attende til bokmål.

Mange nynorskelevar skiftar til bokmål på nett. Det overraska ikkje Hege Myklebust, som forskar på emnet

Mangfald for folket
Dannevig meiner at nynorskbrukarane vert marginalisert i storsamfunnet og svikta av myndigheitene. Han seier seg einig i utsegnet om at; «mållova må vere ein av dei mest brotne lovene». 

Han viser mellom anna til masteroppgåva til Jorunn Thingnes, som meiner tilhøva for nynorsk på universitetet, handlar om manglande vilje til økonomisk investering.

– All investering i ulike ting som handlar om mangfald, kultur og språk, burde fokusera på sosial inkludering. Ikkje berre mangfald, for mangfaldet si skuld. Om ein gløymer det menneskelege aspektet ved mangfald er ein på veg inn ei blindgate. Nynorsk og dei ulike formene burde samla og ikkje splitta, meiner Dannevig.

Les meir:

Årets beste teikneserie er på nynorsk

Martine Rørstad Sand er Årets nynorskbrukar. Ho har kanskje gjort det viktigaste målarbeidet sidan Ivar Aasen.

Ingeborg Steine Jensen fekk panikk då ho såg eksamensoppgåva på tullenynorsk. Ho protesterte, og NTNU la seg flate.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE