Utanlandske media: CO2-fanging kan totalforandra norsk økonomi

CO2-fanginga, ofte kalla «den norske månelandinga» kan bli billigare enn frykta.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

CO2-fanging billigare enn me trudde

I dag vart ei ny moglegheitsstudie for CO2-fanging i Noreg publisert. Den konkluderer med at det er mogleg å få fullskala CO2-fanging på plass innan 2022 – og det blir ikkje svindyrt. Prosjekta vil kosta mykje mindre enn liknande prosjekt som er utgreia tidlegare, ifølgje olje- og energiminister Tord Lien.

– Brei bruk av CO2-handtering er naudsynt for at verda skal nå klimamåla. Den viktigaste målsettinga med eit fullskala CO2-prosjekt i Norge er å bidra med kunnskap og læring slik at CO2-handtering kan brukast i industrien over heile verda, seier Lien i ei pressemelding frå regjeringa.

Men er det allereie for seint? Ei ny studie viser at me ikkje har nokon sjanse til å nå 1,5-gradersmålet som vart sett før jul.

Dyr månelanding vart avlyst
Arbeidet med CO2-handtering har vore diskutert i Noreg i mange år, og Jens Stoltenberg kalla det i si tid for vår månelanding. Prosjektet han jobba med var på Mongstad – då meinte Statoil at prosjektet ville kosta 25 milliardar kroner å fanga to millionar tonn CO2 kvart år. Den planen vart avlyst i 2013, etter at regjeringa hadde brukt 7,2 milliardar på utvikling av teknologien og 1,2 milliardar på forskinga rundt Mongstad. Då vart det nye prosjektet starta opp, som skulle vera ferdig innan 2020.

Ifølgje moglegheitsstudia til regjeringa er dei tre nye prosjekta som no er utgreia billigare enn Mongstad. Til saman vil dei fanga 1,3 millionar tonn CO2 kvart år, til ein totalpris på 12,6 milliardar kroner.

Kan forandra norsk økonomi
Nettavisa Politico, som fokuserer på europeisk politikk, har også plukka opp dei ambisiøse norske planane.

– Akkurat som månelandinga forandra den amerikanske økonomien, kan denne teknologien forandra norsk økonomi, skriv Politico.

Dei er framleis skeptiske, men fordelane med å gjennomføra god CO2-fangst er enorme: Det betyr at me kan bruka og selja olje og gass, utan å sleppa ut drivhusgassane som bidreg til global oppvarming.

Om dette fungerer, kan det vera veldig gode nyheiter for både norsk økonomi og miljøet. Her er ei anna god nyheit: Holet i ozonlaget lukkar seg fortare enn me trudde!