Spritar opp turistsesongen med sterkøl og sider

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spritar opp turistsesongen

 Frå og med fredag 1. juli blei det lov for gardsutsal å selje mjød og eplesider med opp til 22 prosent alkoholinnhald. Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) besøkte Egge gard i Lier i høve lovendringa. Der kjøpte han den aller første flaska med alkoholhaldig sider som blei seld direkte frå produsenten på eigen gard.

– Eg er fornøgd med at vi får på plass ei ordning som gjer det mogleg for gardbrukarane å selje sider, vin og andre produkt direkte frå eigen gard. Dette legg til rette for næringsliv, seier Dale.

Det er framleis ikkje lov å produsere og selje øl, vin eller rusbrus med høgare volumprosent enn 4,7. Fram til lovendringa var det lovleg å selje øl og sider frå gardar med opptil 4,7 prosent.

Kommunen må godkjenne

Før produksjonen og salet kan starte, må kommunen ha innvilga søknad om utvida løyve. Den kan berre bli gitt dersom produksjonen skjer ved salsstaden og salet utgjer ein del av den heilskaplege karakteren og tilbodet til staden. Minst ein tredel av varene må vere eigenproduserte, og kvar produsent kan maksimalt selje 15.000 liter av drikkevara per år.

– No er det viktig at kommunar med moglegheit for frukt- og bær produksjon er på offensiven og behandlar løyvesaker fortløpande. Dette vil gi bønder i bær- og fruktfylka moglegheit til ei ekstra inntekt. Eg heiar på bøndene over heile landet, seier landbruksministeren.

Helsedirektoratet vil utarbeide merknader til dei nye vedtektene. Endringa utgjer ei av fleire lovendringar som tredde i kraft 1. juli, i tillegg til fleire nye lover og oppheving av andre. (©NPK)

Les meir:

Fleire og fleire bryggar ølet sjølv

Shetlands yngste bryggeri utvidar med nynorsk øl

Det har blitt populært med mikrobryggeri og lokalt øl dei siste åra – betyr det at me drikk mindre, men betre øl?