Det amerikanske forsvaret opnar for transkjønna

Endringa kjem inn i løpet av eitt år.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opnar for transkjønna

Til no har ikkje transkjønna hatt moglegheita til å vera med i det amerikanske forsvaret, og dei som allereie er i forsvaret og endrar kjønnsidentitet, har blitt kasta ut. No skal det endra seg.

I løpet av det kommande året skal denne regelen fjernast, og eit helsetilbod med dei som endrar kjønnsidentitet i forsvaret skal komma på plass. No blir kravet at alle som melder seg til forsvaret må ha hatt «stabil kjønnsidentitet» i 18 månadar. Det skriv mellom andre BBC.

BBC opplyser også om at det er 2500 transkjønna i det amerikanske forsvaret i dag, av 1,3 millionar soldatar totalt.

– Oppgåva vår er å forsvara dette landet, og me vil ikkje at barrierar som ikkje har noko med personen si evne til å vera i teneste skal hindra oss i å rekruttera den soldaten, seglaren, piloten eller marine-soldaten som kan utføra oppdraget best mogleg, sa den amerikanske forsvarsministeren Ash Carter på ei pressekonferanse nyleg.

Les også:

Canada vil forby diskriminering av transkjønna: «Alle skal kjenne seg trygge og frie til å vere seg sjølv», seier statsministeren.

Noreg, på si side, har fått refs for korleis dei behandlar transpersonar: Bryt me menneskerettane?

Pernille Sivertsen (29) er den nye leiaren av Skeiv Ungdom! Ho fekk starta karrieren med rekordstort oppmøte i Pride-paraden.