220.000 til fotballjournalistikk på nynorsk

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Satsar på nynorsk fotballjournalistikk

Totalt blir det delt ut 650.000 kroner frå Vinjefondet i år (sjå faktaboks for fordelinga), skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Blant prosjekta som utviklar seg er fotballmagasinet Josimar. Dei får 220.000 kroner for å satsa på meir stoff på nynorsk.

– Dei tiltaka som har fått støtte i år, tener til å forbetra bruken av nynorsk og styrke bruken av nynorsk på område der språket er lite brukt i dag, seier Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum, i pressemeldinga. Han legg til at det er gledeleg at større mediehus, som Romsdals Budstikke, har søkt om midlar frå Vinjefondet. Romsdals Budstikke får midlar til å gjera eigne journalistar tryggare i nynorsk.

Også Framtida.no har fått ei solid løyving frå Vinjefondet i år – desse pengane skal brukast til å laga forskingsjournalistikk på nynorsk for deg, ein ung lesar.

Dette brukar me pengane på:

Vigdis Evang er ansiktsblind. Her kan du ta testen, og sjå om du også er det

Me bidrog til å sponsa feltarbeid på Svalbard – når ein reiser dit, går ikkje alt etter planen heile tida.

Forsking viser: Du blir gladare av kattevideoar (kødda, det er ikkje dette Vinjepengane dine går til).

Faktaboks

650 000 kroner frå Vinje-fondet 2016

Nordre, Brattvåg: 50 000

Romsdals Budstikke, Molde: 50 000

Framtida.no, Oslo/Stord: 250 000

Josimar, Oslo: 220 000

Nordhordland, Lindås: 80 000

Kjelde: Nynorsk kultursentrum