Sanners 1.-juli-frist utan konsekvensar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er heilt nye tonar i innspurten av reforma, meiner opposisjonen på Stortinget. Kommunalministeren seier derimot at alle kommunar som Stortinget har vedtatt slått saman innan 1. januar 2018, får dei same økonomiske verkemidla.

Det både overraskar og gler Eirin Sund i Arbeidarpartiet.

– Viss dette betyr at dei økonomiske gulrøtene ikkje går ut på dato 1. juli, så er dette heilt nye og faktisk positive tonar frå Sanner. Vi i Arbeidarpartiet har frå dag éin vore imot denne rigide tidsfristen, seier Sund til Nationen.

– Kanskje ser dei at reforma ikkje har vore nokon suksess rundt om i landet, og så vil dei gjere dette for å få fleire med, seier stortingsrepresentanten frå Rogland.

Men ifølgje Sanner har premissane for kommunereforma vore dei same heile vegen.

– Fristen for kommunane til å fatte vedtak innan 1. juli vart sett for å gi fylkesmennene tid til å summere opp og vurdere vedtaka opp mot måla for reforma og gi ei tilråding om kommunestrukturen i fylket, slik Stortinget har bedt om, forklarer Sanner til avisa.

– Vi har tidlegare sagt at kommunar som treng litt meir tid, kan ha dialog med fylkesmannen om korleis dei kan komme i mål i tide, seier han.

I alt 68 av dei 428 kommunane i Noreg hadde ved utgangen av juni gjort vedtak om samanslåing. (©NPK)

Eventyret om kommunereformen har rulla ei stund no. Her kan du sjå litt meir:

Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet: Fleire og fleire meiner at kommunereforma er ein fiasko, men kampen for lokaldemokratiet og dei gode og nære tenestene i kommunane våre er diverre ikkje over.

Jan Tore Sanner held på optimismen: – Eg ser at det går i riktig retning med kommunereformen

Dette har du kanskje ikkje tenkt på: Er samanslåinga dårleg for miljøet?