Ifølgje ein ny rapport frå Det europeiske miljøbyrået har dei fleste landa i Europa kutta klimagassutsleppa sine mellom 1990 og 2014. Noreg er eitt av få unntak.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Dei fleste landa i Europa har redusert klimagassutsleppa sine kraftig i perioden 1990– 2014. Litauen kom best ut med ein reduksjon på 59,6 prosent, tett følgt av Romania, Slovakia og Bulgaria, skriv Dagsavisen. Noreg har auka sine utslepp med 2,4 prosent.

– Det er urettferdig å samanlikne desse landa med Noreg, dei har klimautslepp med ein del gammaldags industri, seier Marius Holm som er dagleg leiar i miljøstiftinga Zero. Men også nabolanda våre har hatt ei betre utvikling enn Noreg. Danmark har kutta utslepp med 27,6 prosent, Sverige med 24,4 prosent og Finland med 17,1 prosent.

– I desse landa fører dei ein politikk som kuttar utsleppa, seier Holm og peikar på at Noregs oppkjøp av klimakvotar ikkje bidrar til reduserte utslepp. (©NPK)

Les også:

På Island fann dei ut korleis ein kan gjera CO2 om til stein – eit skikkeleg gjennombrot!

Mai var 13. månad på rad med varmerekord. No slår klimaekspertar alarm.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE