Island-mirakelet har gjort «alle» interesserte i fotball

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle heiar på Island

Saka er henta med velvilje frå Porten.no

– Eg tenkte at no er det slutt. No blir det 6-1 til England. For det blei resultatet sist, i 2004, trur eg det var, seier Árny Rós Gisladottir.

Ta quizen: Kan du islandsk?

– To the next match for a win
Ho snakkar om kvelden før. Klokka 21:05 måndag . Ein heller klønete inngripen av Island sin keeper, Hannes Þór Halldórsson, førde til straffespark for England under åttandedelsfinalen i EM i Frankrike. Wayne Rooney ekspederte sikkert.

Resten av historia kjenner me. Uansett om ein er fotballfrelst eller tykkjer dette spelet med 22 vaksne menneske som kjempar om å få ein ball i mål er noko stort tull, fekk ein det med seg. At vesle Island sende store England heim frå festen i Frankrike med ein fotballbakrus og dagen-derpå-angst ingen har kjend før.

For no held «alle» med Island – ikkje berre dei om lag 30 islendingane som bur i Lærdal, ikkje berre nordmenn eller skandinavar. Men «alle».

– To the next match for a win, seier ein turist som går forbi og dreg opp tommelen til dei fem islendingane som sit på Laksen Pub & Restaurant. Porten har samla dei for å fortelja korleis dei og drygt 320 000 andre islendingar føler om det som skjer i Frankrike.

– Kvar mail eg får på jobben startar med ein gratulasjon. På Snapchat og Facebook går det berre i fotball, seier Hrafnildur Elvarsdottir.

Mellom henne og Árny Rós Gisladóttir sit Larus M. K. Danielsson. Han og nokre andre islendingar køyrde til Frankrike for å sjå den første kampen laget spelte i meisterskapen, mot Portugal. Sjølvsagt hadde dei eit islandsk flagg på bilen.

– Det var utruleg mange som tuta, vinka og gav tommel opp, fortel Danielsson.

– De var veldig interesserte i fotball før meisterskapen også, eller?

– Null, seier Elvarsdottir.

– Kjærasten min hadde ikkje sett ein fotballkamp i heile sitt liv før EM. Ho er svært overraska over at fotball kan engasjera slik. Og mor mi på over nitti sit på Facebook og skriv "Heia Island, heia Island!", seier Sigurdur G. Didriksson.

«Once in a lifetime»
For fotballsoga om sagaøya har alt. Eit land som har 4% av innbyggjarane i London slo ut verdas stoltaste fotballnasjon. Eit land som er mest kjend for vulkanar og vikingar. Eit landslag med ein keeper som spelar på Bodø/Glimt.

– Det er ikkje slik at me har veldig mange gode fotballspelarar på Island, seier Elvarsdottir.

– Me har tjuetre, seier Danielsson. (Ein EM-tropp består av 23 spelarar, red. anm.)

Eit land som dei siste åtte åra har vore i ei djup økonomisk krise.

– Det er mange tusen islendingar i Frankrike. Alle har sikkert reist på kreditt, seier Danielsson.

– Fordi det er «once in a lifetime», skyt Gisladottir inn.

«Larsur»
Finanskrisa i 2008 trefte Island spesielt hardt. Mange av dei rundt 30 islendingane som bur i Lærdal kom då og fekk jobb innan helse, pleie og omsorg. Danielsson, Elvarsdottir og Gisladóttir jobbar alle tre innan pleie og omsorg i Lærdal kommune. 

– Eit islandsk lån går ikkje an å forstå, seier Danielsson

– Kjøpekrafta er framleis låg. Inntektene små og utgiftene store, forklarar femtemann i kvintetten, Bjarni Valsson.

Han og Didriksson jobbar i det private innanfor same sektor i Luster. At heile heimlandet no har fått 24 heltar fortel dei fem betyr mykje.

– Det er godt med eit anna fokus. At Island no handlar om noko heilt anna enn bank- og finanskrise, seier Gisladottir.

– Tilliten til dei styrande har vore låg. Det var presidentval på Island laurdag. Ingen hugsar noko av det, humrar Didriksson.

– Mange skildrar dei kjenner stoltheita er på veg opp att no, legg han til.

Takka vere 23 islendingar og ein svenske. 24.mann.

– På nokon-og-tredve stemmesetlar under presidentvalet stod det "Lars Lagerbäck". Ugyldige, så klart, fortel Didriksson.

– Han heiter Larsur no, legg Gisladottir til. 

Utdanna trenarar
Dei har fått nokon å vera stolte av. Og noko. Eit system som har fungert. Eit system og ein struktur rundt idretten som har førd til eit herrelandslag i handball med OL-sølv og EM-bronse på merittlista – begge etter finanskrisa. Kvinnelandslag i fotball og handball som begge har kvalifisert seg til fleire av dei største meisterskapa i same periode. Og altså eit herrelandslag i fotball som no er i kvartfinalen i ein meisterskap Noreg deltok i sist for 16 år sidan – og rauk ut i gruppespelet.

– Me har snakka mykje om kvifor me er så gode i ballidrett på Island. Nesten alle trenarar har treningsutdanning eller er gymlærarar. Det er idrettshallar i kvar by så ein kan trena heile året. Med ei gong ungane byrjar å spela er det ein første-, ein andre- og ein tredjeplass. Dei utviklar vinnarmentalitet, forklarar Gisladottir.

– Vikingmentalitet?

– Alle kjem med dei der vikinggreiene, seier Elvarsdottir og himlar med augo.

– Nordmenn er vel også vikingar? skyt Didriksson inn og legg spørsmålet daudt.

– Fifty-fifty mot Frankrike
Vikingmentalitet eller god struktur og godt system – eller begge deler. I alle fall; der dei engelske fotballstjernene Wayne Rooney var så stiv av skrekk at lissepasningar vart til metersbom, Raheem Sterling i all hovudsak dribla seg sjølv og Harry Kane meir og meir såg ut til å ha sett eit spøkjelse, heldt midtstoppar Ragnar Sigurdsson på å scora sitt andre mål med eit brassespark, stoppa ein innleiingsvis klønete Hannes Þór Halldórsson all engelsk skyts som hadde retning innanfor stengene, og lo kaptein Aron Gunnarson av sin eigen snublefinte i staden for å ergrast då han kunne ha punktert kampen ti minuttar før slutt.

– Me tykte det var stas då me fann ut at mora til Aron (Gunnarson, red.anm) kjem frå same byen – eller området – som fire av oss, Isafjörður, seier Elvarsdottir.

– Du skal ikkje leita langt tilbake i ledd før du finn ut at du er i slekt med ein islandsk landslagsspelar, legg Valsson til.

– Om lag som i Lærdal, seier Didriksson.

Søndag ventar Frankrike i kvartfinalen. På Stade France. Den franske landslagsarenaen. Island mot vertsnasjonen. Nye nervepirrande 90 minuttar. Eller 120. I verste fall med straffekonk.

– I går klarde eg ikkje å sitja, eg måtte gå. Det var vanvittig, heilt vanvittig. Eg var kvalm og hadde hovudpine. Og det var midt i første omgang, seier Elvarsdottir.

– Ja, den neste gode timen var lang, legg Valsson til.

Ingen krev seier mot Frankrike. Laget deira har overgått seg sjølv mange gonger allereie. Og gjeve islendingane tilbake trua.

– Sjansane er fifty-fifty mot Frankrike, seier Gisladottir.

– Nei. Me vinn, seier Didriksson

Les meir:

I vår var det rekordmange turistar på Island. Etter EM-suksessen kan det bli endå fleire

Om du først skal til Island, kan du kanskje reisa på denne festivalen. Passet kostar berre ein million dollar.

På Island fann dei ut korleis ein kan gjera CO2 om til stein – eit skikkeleg gjennombrot!