Simen (17) fekk skryt av kongen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Ryfylke.net

– Eg syns faktisk at det gjekk mykje betre enn venta. Då eg gjekk opp på scenen var nervane så høge som dei kunne bli, og eg følte nesten at eg skulle svime av på grunn av alle folka. Men både kongen, dronninga og kronprinsparet gav meg rolige blikk, så det gjekk veldig bra, fortel 17-åringen, som også er leiar av ungdomsrådet i Sauda.

Kongen, ordføraren og Simen
Han var ein av tre som fekk halde tale for kongefamilien og dei 300 inviterte gjestene utanfor kongebustaden Ledaal i Stavanger. Dei to andre som heldt tale var kongen og ordføraren i Stavanger.

Førespurnaden fekk han frå ordføraren i Sauda, Asbjørn Birkeland, for omlag to veker sidan.

– Eg tenkte: Skal eg tørre det? Men så kom eg fram til at eg hadde nok angra dersom eg ikkje hadde svart ja, sa han den gong til Ryfylke.

Og det var ein roleg saudagut som gjekk opp på scenen, med nervane godt skjult.

– Prosessen med å skrive talen har gått greitt, sjølv om eg har brukt ein del timar på arbeidet. Eg har fått god hjelp av familie og vener undervegs, røper Hansen Lunde.

Flyktningar og natur
Tilbakemeldingane på talen i etterkant var ikkje få. Både publikum og kongen sjølv gav ros til ungguten.

– Eg har snakka med sikkert 199 av gjestene som har gratulert og skrytt av talen. Både kongen, dronninga og kronprinsparet skrøyt av talen. Vi snakka om dei forskjellige tema i talen; om flyktningsituasjonen og naturen i Sauda. Dei blei nesten litt freista til å kome på besøk, seier Hansen Lunde.

– Korleis var det å faktisk få snakke med kongeparet?

– Dei var veldig folkelege og greie å snakke med. Sjølv om det faktisk er kongen og dronninga du står der med, så snakka dei til oss på ein så god måte at det gjekk bra, seier han.

Lyst å læra meir om talar? Talen på nasjonaldagen er meir politisk enn du trur. – 17.mai-talen handlar spesifikt om norsk identitet; om kva som er norsk og kven som høyrer heime i Noreg.

Talane etter at dei blåblå vann valet i 2013 fekk blanda reaksjonar. – Når ein skal ha sin fyrste tale som statsminister er det viktig å stå fram som ein statsminister frå fyrste stund, og det tykkjer eg Erna Solberg gjorde, sa retorikkprofessor Jens E. Kjeldsen til Framtida.no.