EU-topp: «Tschüss» til engelsk språk i EU

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag sist veke sa fleirtalet av britane ja til å gå ut av EU. Allereie måndag kom fleire motsvar frå EU.

Engelsk er i dag blant dei 24 offisielle språka i EU. Men Danuta Hübner, leiar for konsitusjonskomiteen i Europaparlamentet åtvarar mot at engelsk ikkje lenger vil vera blant dei offisielle språka i EU når Storbritannia går ut av unionen.

– Me har ein regel der kvart EU-land har rett til å registrera eitt offisielt språk i EU, seier Hübner (bildet), ifølgje Politico, og viser til at Irland har registrert gælisk og Malta maltesisk.

– Viss me ikkje har Storbritannia i unionen, så har me ikkje engelsk, seier Hübner, ifølgje den amerikanske nettstaden.

LES OGSÅ: – Können Sie schon was sagen?

Meir fransk og tysk
Ifølgje Wall Street Journal har EU-kommisjonen allereie byrja å bruka fransk og tysk meir i den eksterne kommunikasjonen.

Robert Ménard, borgarmeister i den franske byen Béziers, tar ifølgje The Sun, til orde for å sparka engelsk ut av EU.

Den tyske journalisten og satirikaren Martin Sonneborn, som ved førre EU-parlamentsval blei valt inn med tullepartiet Die Partei, tar no til orde for å gjera tysk til einaste offisielle EU-språk, ifølgje den tyske avisa Die Welt.

LES OGSÅ: Britisk ungdom ville vera igjen i EU

– Enno tidleg
Jens Ring (bildet), pressesjef ved kontoret til EU-kommisjonen i Danmark, seier til Framtida.no at det enno er for tidleg å ta stilling til engelsk som offisielt språk, sidan Storbritannia ikkje offisielt har spurt om å gå ut av unionen, og fordi me ikkje veit sluttresultatet av forhandlingane om å gå ut av unionen.

– EUs offisielle språk er språket til medlemslanda. Arbeidsspråk er noko anna; det kan definerast som «det første felles språk for dei som skal snakka saman».

LES OGSÅ: Nei til EU: – Brexit er heilt fantastisk

Lang tradisjon med fransk
Før 1973 var det fransk som var arbeidsspråk. Slik var det i mange år, fordi engelskmennene som arbeidde i EU lærte seg fransk – om dei ikkje kunne det frå før.

Frå 2004, då 10 nye land utan noko som helst franskspråkleg bakgrunn gjekk inn i unionen, blei engelsk de facto arbeidsspråket.

– Tyskarar har i mange år klaga over at det ikkje blir snakka meir tysk: Tyskland er enno det største landet i EU. Men sjølv om ein tyskar og ein austerrikar  og kanskje ein kollega frå eit av medlemslanda som var i det tidlegare Austerrike-Ungarn, møter og snakkar tysk, kva skjer då når ein finne, grekar, portugisar, polakk eller nokre andre kjem inn døra? Då må dei finna ein språkleg fellesnemnar, i 99 av 100 tilfelle vert det engelsk, påpeikar Jens Ring, ved kontoret til EU-kommisjonen i Danmark.

QUIZ: Kva veit du om EU?