«All-inclusive happiness», takk!

Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ferie der alle draumar går i oppfylling.
Ferie der ein aldri finn fram.
Ferie der ein skapar minne for livet.
Ferie der ein skrik kvarandre i trynet.
Ferie der det regnar kvar dag.
Ferie der ein møter den rette.
Ferie der hjarte vert knust.
Ferie der relasjonar fell i grus.
Ferie ein treng ferie frå.
Ferie ein ikkje kan få nok av.
Ferie full av overraskingar.
Ferie med hjartet i halsen.
Ferie der ein drar kredittkortet litt for ofte.
Ferie ein aldri kjem seg ut av.
Ferie der kvar dag kjenst som ein kvardag.
Ferie der alt fell på plass.
Ferie der angsten tek overhand.
Ferie med ekte lykke.
Ferie full av kranglar.
Ferie full av lidenskap.
Ferie fulla av fylleangst.
Ferie rik på opplevingar.
Ferie med hypre ungar.
Ferie med trøtte ungar.
Ferie med latter og glede.

Og kanskje den vanlegaste av dei alle:
Ferie med kosekrampe.
Ferie der ein til ei kvar tid vil vere like glad som alle andre på ferie, like glad som ein SKAL vere på ferie.

Vi kjøper «all-inclusive» med ekstrem luksus, men det vi eigentleg ynskjer oss er ein ferie som garanterer lykke. Ein ferie der alt går etter planen, der vi skapar minnerike opplevingar, får kvalitetstid med dei vi er glade i og kjem heim utkvilte og lykkelege.

Nokre gonger lever ferien opp til desse forventningane, og då er det jo veldig greitt. Andre gonger gjer den ikkje det, og då er det litt verre. Sanninga er at som alt anna her i livet kjem ferie i alle slags fasongar. Men vi vil ikkje ha sanninga. Vi vil ha den perfekte ferien – ferien vi deler på fjesboka og skryt av når vi kjem heim.

Det er lett å kjenne seg mislykka når ferien går i vasken, eller ikkje blir heilt slik vi hadde tenkt. Kanskje er det nettopp det som er problemet – at ferien eigentleg var ganske bra, men ikkje bra nok. Ei vakker verkelegheit med både opp- og nedturar forsvinn fort i skuggen av eit urealistisk ideal.

Les meir:

Friluftsliv og natur gir den beste ferien

Miljøpartiet Dei Grøne vil byta vekst mot ferie