Reiselivet ventar ny rekordsommar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjoråret vart eit rekordår for norsk reiseliv. Det totale forbruket hos turistane var på cirka 67,4 milliardar kroner, ifølgje Innovasjon Noreg. Det er ein auke på rundt sju milliardar kroner sidan 2014. Om lag halvparten av auken kjem av auke i volum, og halvparten kjem av auke i forbruk.

LES OGSÅ: Er norske pakkereiser framtida?

Optimisme
NHO Reiselivs ferske økonomibarometer viser at 30 prosent av norske reiselivsbedrifter trur sommarsesongen 2016 blir betre enn sommaren i fjor. 63 prosent svarer at dei trur sommaren i år blir på nivå med rekordsommaren 2015.

– Dette er svært optimistiske tal, særleg med tanke på at vi i fjor opplevde den beste sommaren gjennom tidene med ein rekordvekst i utanlandske overnattingar. Det er stor grunn til å tru at veksten vil halde fram, og at også denne sommaren kan slå nye rekordar, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, i ei pressemelding. (©NPK)

 Les meir:

Slik Finn du bygdeperlene med mobilen. Den nye Hanen-appen viser veg til dei minneverdige lokalmat, besøksgardar og sjarmerande overnattingsstader

Vikingar er heitt stoff om dagen. Vil lokka turistar til Åkrafjorden med vikingskip