Brexit: – Kan ikkje klage om noko går gale

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kaos i London grunna brexit

Massive tordenbyger herjar rundt om i England kvelden før britane skal gå ta valurnene for å stemme over framtida til landet.

Storbritannia er annleislandet med si motvilligheit til å integrera seg i ’det europeiske prosjektet’, skreiv britiske James Puchowski i Framtida.no tidlegare denne veka om om avstemminga som har vorte døypt brexit. 

Kaos på valdagen
Straumen går fleire stader torsdag morgon og mange småstader opplever vårens første flaum. Vallokal må bytast ut og tusenvis av menneske står bom fast i morgonrushet.

– Det var totalt kaos dagen før ”it all goes down”. Eg kom meg ikkje på jobb i morgontimane fordi alle toga inn til sentral-London var kansellert, seier Adam Smith (26).

Dette er ein av grunnane til at både Liddle og Smith bestemte seg for å gå å stemme midt på dagen. Ingen av dei kom seg inn til jobben i London i tide. Fleire britiske media rapporterer om det same.

– EU-debatten har tatt heilt av. Alle er involvert og har ei meining om det. I går kveld hamna eg i ein stor krangel med bror min fordi me ikkje har same synspunkt på om me skulle bli verande eller ikkje. Eg meiner Storbritannia vil få det betre om me blir verande i EU, seier Smith.

Kor mykje kan du eigentleg om britisk politikk? Ta testen her!

Heit potet
På Facebook florerar det av innlegg frå både ”Leave” og ”Remain” kampanjane. Tysdag deltok så mange som 6.000 menneske i ein direktesendt debatt frå Wimbledon der politikarar og representantar frå forbunda kasta inn argument for anten å bli verande eller ikkje. 

The Independent, The Guardian og The Observer vil bli verande i EU, medan The Sun, The Daily Mail og The Sunday Telegraph vil ut av EU.

– Fordi debatten er meir synleg på sosiale medium som Facebook, Instagram og Twitter, er det fleire unge, som elles ikkje ville ha stemt i eit vanleg val, som no stemmer. Snapchat har til og med eigne filter for avstemminga og på Facebook kan du registrere at du har stemt, seier Liddle. 

Viktig for demokratiet
Langs hovudgata i Surbiton, ein halvtime utanfor London sentrum, tar fleire og fleire folk ein avstikkar inn til kyrkja St. Mark’s. Her er nemleg valurnene for deira distrikt sett opp.

– Me lever i eit demokrati, noko me skal vere svært glade for. Då er det min jobb å stemme. Alle stemmer tel. Det har ingenting å sei om du er statsminister David Cameron eller om du er ein student med minstelønn. Stemma di tel like mykje, seier Deema Hakim (27) som er på veg inn i stemmelokalet.

Ho meiner at ein ikkje kan klage på utfallet dersom ein ikkje vel å bruke stemma si.

– Eg vil at me skal bli verande i EU. No kan eg ikkje klage om noko går gale, seier ho.

Den førre gongen britane stemte over britisk EU medlemskap var i 1975.

– Det er spennande å sjå korleis ulike haldningar har forandra seg sidan førre gong me stemte. For meg, er det viktigaste å ivareta det som gjer Storbritannia unikt og eige. Me bur i eit fantastisk land og det er det me ønskjer å oppretthalde, seier Hakim.

Du kan lesa meir om Storbritannia og EU hos Framtida.no

I 2014 var Skottland nær ved å forlata resten av Storbritannia. Men kvifor ville dei eigentleg det?

Noreg skil seg ut i å ha sagt nei til EU-medlemsskap to gonger. Kva ville resultatet vorte i dag?

Kan du mykje om EU? Test deg sjølv her!

Eller test kor mykje du kan om Skottland!

Faktaboks

Brexit

23. juni skal britane stemme i ei folkerøysting om Storbritannia skal bli verande i den Europeiske Union (EU) eller melde seg ut

Meiningsmålingane syner at det britiske folket er splitta. Ifølgje The Financial Times vil 47 prosent vil bli verande, medan 45 prosent vil melde seg ut

Britane kan stemme frå klokka sju torsdag morgon til klokka ti om kvelden torsdag 23. juni

Resultatet vil vere klar natt til fredag og vil bli offisielt annonsert fredag føremiddag