Sanner: – Ser at det går riktig veg
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter at over halvparten av kommunestyra i Noreg har tatt stilling til om dei ønskjer å slå seg saman med naboen, viser fasiten så langt at det er stor overvekt på neisida. Det blir knapt nok nokon store regionskommunar, som regjeringa har vore opptatt av.
Småkommunane rundt Ålesund seier nei til samanslåing, men om Ålesund og ni mindre kommunar på Sunnmøre slår seg saman, blir det truleg nynorsk administrasjonsspråk.
Positiv Sanner
Men kommunalminister Jan Tore Sanner meiner likevel regjeringa har komme lenger enn det dei fleste trudde var mogleg.
– Eg ser at det går i riktig retning. Vi har fått til meir på to år enn på dei førre 20, seier kommunalminister Jan Tore Sanner til NRK.
Gjennom heile våren har regjeringspartia blitt konfronterte med nei-fleirtal i rådgivande folkeavstemmingar. Svaret har vore vent og sjå, det er lokalpolitikarane som avgjer.
157 av 219 vil stå åleine
No har godt over halvparten av kommunane konkludert. NRKs gjennomgang av dei 219 kommunane som hadde fatta vedtak per 19. juni viser at 157 kommunestyre har gjort vedtak på å stå aleine. 62 har vedtatt samanslåing. (©NPK)