Når britane stemmer om EU-medlemsskap, kan skottane avgjera

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skottland kan avgjera Brexit

23 juni vert det folkeavstemming i Storbritannia, om Storbritannia skal halda fram med å vera medlem i EU eller ikkje. For berre to år sidan var det ei folkerørsle som ville at Skottland skulle verta sitt eige land, som eg sjølv var med i. Men no kan det, paradoksalt nok, sjå ut til at det er skottane som vil jobba mest for å halda Storbritannia i EU.

Eg vart fødd i England til ein engelsk-polsk familie, men eg bur i Skottland no – eg høyrer altså til ei gruppe engelsk-skottar som har stemmerett i Skottland og som føler seg heime der. Konsensusen i Skottland er for det meste liberal, grøn og for ein stat som også set pris på velferdstenester og sånne ting i framtida. Som skeiv akademikar som røyster grønt, som vil verta kvitt tullet sørpå, er Skottland mykje meir representativ for korleis eg tenkjer sjølv. 

Kor mykje kan du eigentleg om britisk politikk? Ta testen her!

Oss og dei
I Storbritannia har berre eitt parti, UKIP, kjempa hardt for å forlata EU, medan det konservative partiet, det største i underhuset, er delt omtrent på midten mellom dei som er for og imot eit Brussel-fritt Storbritannia. Me er minst integrert i unionen; me brukar framleis pund framfor euro, og me er ikkje med i Schengen-området. Difor er det lett å sjå kor problematisk heile greia er i Storbritannia.

Den politiske retorikken i England handlar nemleg om «dei» som «kjem hit utan ferdigheiter, utan pengar» – «dei» som «kjem for å utnytta velferdsystemet». EUs innvandringspolitikk og byråkrati får skulda – ikkje nødvendigvis vår eiga regjering i London. Slik eg ser det, har innvandrarar i Storbritannia fått skulda ei rekkje gongar for administrative problem mange stader, og frykta for utlendingar kan berre veksa som eit resultat.

Skottland er EU-venlege, trass alt
Det finst jo konservative og euroskeptiske menneske i Skottland, som i alle andre land i Europa. Samstundes er ikkje alle i Skottland nasjonalistar. Det viste 2014-resultatet oss. Men korleis heng alt dette saman? Kva gjer at skottane er så EU-venlege? Var det ikkje EU som var med på å øydeleggja fiskeindustrien i landet? Er det ikkje Skottland som vil imitera det Noreg gjer – som vil vera med i Norden?

Det stemmer at lokalindustrien nokre stadar har hatt økonomiske problem takk vere EU si reorganisering av kvar ein har lov til å fiska. Men EU investerer og gjev masse pengar til organisasjonar og prosjekt i landet som regjeringa i London ikkje bryr seg om. Det er inga overrasking at me vil vera med i EU når England berre har konsentrert seg om London og sin stadig vaksande søraust-region som røyster konservativt gong etter gong – regionen eg kjem frå. 

Og det her er viktig å understreka: folkeavstemminga 23. juni stammar eigentleg ikkje frå politiske debattar i Skottland. Ho er ærleg talt England sitt eige problem.

Landet ser ikkje på seg sjølv som europeisk
Desse debattane om EU-medlemskap har likevel plaga Storbritannia sitt politiske landskap i mange år, og generasjonen min har vakse opp i eit samfunn der det å ta stilling om Europa og medlemsskapet vårt kan føra til all slags problem. Det er nesten umogleg for mange å snakka om Europa utan å seia noko stygt eller kontroversielt om innvandring. Og, sjølv om Storbritannia er ei gruppe øyar i Europa, får eg ofte inntrykk av at landet som står på passet mitt ikkje ser på seg sjølv som europeisk.

Ein høyrer ofte at Noreg er annleislandet med sine to skriftspråk og eit oljefond. Nei. Annleislandet er Storbritannia òg med si motvilligheit til å integrera seg i ’det europeiske prosjektet’. Eller er det Skottland som er annleislandet med si venstreorientert regjering? Me får sjå 24. juni når resultata vert tilgjengelege.

Du kan lesa meir om Storbritannia og EU hos Framtida.no

I 2014 var Skottland nær ved å forlata resten av Storbritannia. Men kvifor ville dei eigentleg det?

Noreg skil seg ut i å ha sagt nei til EU-medlemsskap to gonger. Kva ville resultatet vorte i dag?

Kan du mykje om EU? Test deg sjølv her!

Eller test kor mykje du kan om Skottland!