Forsking: – Ikkje kommenter vekta til barn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje kommenter vekta til barn

Kroppskommentarane kan gi dårleg sjølvbilete og føre til usunne etemønster, overvekt eller eteforstyrringar, skriv VG. Jenter er spesielt utsette.

Studien, som er gjort ved Cornell University i USA, viser at jenter blir meir fornøgde med kropp og vekt som vaksne om foreldra ikkje har kommentert vekta deira. Ein annan studie viser at barn kan utvikle eit dårleg kroppsbilde frå dei er fem-seks år.  

LES OGSÅ: «Selfies» kan skada sjølvbiletet

Samira Lekhal, seksjonsoverlege ved senter for sjukleg overvekt i Helse sør-aust, meiner kommentarar om både eigen kropp og kroppen til barna bør vere av positiv karakter.

– Vi vaksne bør lære barna at ein sunn kropp handlar om ein sterk kropp og ikkje om ein er tjukk eller ikkje, seier ho til avisa.

Les meir:

 – Å telje kaloriar er ikkje sunt, seier matbloggar Linda Stuhaug (21), som sjølv vart så tynn at kleda hang som søppelsekkar då ho sleit med eteforstyrringar

– Dårlege matvaner og livsstil er like ille som det å slå, ein ser berre ikkje resultata før 20 eller 30 år seinare. Det er ingen som takkar foreldra sine for diabetes-diagnosen dei seinare får, seier lege og forskar Charlotte Björk Ingul ved NTNU