Lesbisk par debuterer i Bamse-teikneserien
Vera og Frida er paret som dukkar opp i svenske Bamse. FRI jublar.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
VG skriv om sommarutgåva av Bamse-teikneserien, der det lesbiske paret Vera og Frida dukkar opp. Dei to har flytta frå storbyen til bygda, og elskar det.
Dette er første gong eit lesbisk par er med i teikneserien, og sjefsredaktør i Bamsetidningen, Charlotta Borelius, seier til Aftonbladet at grunnen er at dei prøver å visa ulike typar familiar.
– Verda til Bamse blir forandra og utvikla akkurat som den verkelege verda. Bamse er ein humanist og står for likeverd for alle.
Bamse-teikneserien finst ikkje lenger i Noreg, men blir seld i Sverige. Redaksjonen har fått fleire positive tilbakemeldingar, også frå Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI).
– Det er kjempefint at barn får sjansen til å sjå slike ting. Og at både lesbiske, transpersonar og homofile får historier dei kan kjenna seg igjen i, seier Ingvild Endestad i FRI til VG.
Meir som dette?
Denne teikneserien lærer deg nynorsk på ein lettfatta måte. Det vart fort populært.