I fjor vart det inngått 300 ekteskap mellom personar av same kjønn. To av tre er ekteskap mellom to kvinner.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Dermed har talet på vigslar mellom homofile stige over talet frå første år med ny ekteskapslov, då 283 ekteskap mellom likekjønna vart inngått. I åra mellom har tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) lege på 263 ekteskap per år.

Til saman gifta 22.700 par seg i 2015. Dermed fortset den jamne, svake nedgangen dei siste åra, frå 25.300 inngåtte ekteskap i 2009.

Samtidig fortset snittalderen å auke blant dei som gifter seg for første gong, og er no 34,4 år for menn og 31,8 år for kvinner. Samanlikna med andre nordiske land er Noreg på linje med Danmark, mens Sverige ligg oppe på 35,8 år for menn og 33,3 år for kvinner. Finland har lågare snittalder enn Noreg, med 32,9 år for menn og 30,6 år for kvinner. (©NPK)

Hurra, snart er det Pride! Her er fleire gladsaker:

I vår sa kyrkja endeleg ja til at homofile kunne gifta seg

Snart kjem oppfølgaren til Finding Nemo – då håpar mange å sjå eit lesbisk Disney-par

Rikke Næss (19) jublar for at kyrkja opna for homofilt ekteskap: Alle skal få ha si meining, og dette er mi. Eg er født inn i den norske kyrkja; eg er døypt der og konfirmert der. Og då skulle det berre mangle at eg får lov til å gifta meg der òg – om det so er med ei kvinne. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10
ANNONSE