Mai var 13. månad på rad med varmerekord.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nye varmerekordar skremmer

Særleg i Arktis har ein merka konsekvensen  av varmerekordane. Der har isen smelta i eit tempo som er vanleg for juli. Det skriv NRKs vêrteneste, Yr.

Dei skremmande tala kjem frå NASAs Goddard Institute for Space Studies (GISS), som viser at mai månad er den 13. månaden på rad med temperaturrekordar i verda.

David Carlson, leiar i World Climate Research Programme, seier at unormalt er blitt den nye normalen, i ei pressemelding.

– Dei valdsame endringane i Arktis er spesielt urovekkande. Det som skjer i Arktis påverkar resten av planeten. Spørsmålet er om denne utviklinga vil halda fram. Kanskje vil det gå endå raskare? Me er i eit ukjend område no, seier Carlson.

Det blir påpeika at vêrsystemet El Niño, som har gitt unormale vêrforhold i store deler av verda, har bidrege til dei høge temperaturane. Likevel er hovudårsaka knytt til utslepp av drivhusgassar, står det i pressemeldinga.

Framtida.no satsar på klima. Her er nokre tilrådde saker:

Det har skapt debatt at snitt-temperaturen har flata ut sidan 1988, trass i høgare CO2-nivå. Det avkreftar likevel ikkje menneskeskapte klimaendringar.

Dei er intelligente og høgt utdanna, men trur ikkje på global oppvarming. Dette er Klimarealistene.

Denne nye teknikken, som vart oppdaga på Island, kan gjera CO2 om til stein