Hooligan-ekspert: Responsen frå fransk politi skaper ein valdsspiral

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hooligan-ekspert: – Uroa uunngåeleg

– Omlag alle europeiske land har problem med fotballpøblar, men vanlegvis reiser dei ikkje. Både Nederland, Italia og Frankrike har problem innanlands, men dei reiser ikkje med landslaget. Inntil nyleg var det tilfellet med Russland òg.

Jussprofessor ved University of Manchester, Geoff Pearson, har spesialisert seg på hooligans og supporterkontroll og har doktorgrad på emnet.

Når Framtida.no snakkar med han på telefon er han tilbake i Manchester etter fire dagar i Marseille.

«It was business. I was there for the fighting», svarar forskaren på spørsmålet om kva han gjorde under meisterskapet.

LES OGSÅ: Sjølv om det er EM, bryr færre og færre nordmenn seg om fotball

Russland fekk bot
Hooligans og slåsskampar har fått mykje merksemd under meisterskapet i Frankrike. Spesielt kampane mellom engelske og russiske fans har vekt reaksjonar, og kampen mellom dei to landa var peika ut som ein risikokamp på førehand.

Fredag kom meldingane om krigsliknande tilstandar i Marseille. Politiet brukte batongar og tåregass for å handskast med russiske og engelske supporterar, som støytte saman i kampbyen. Opptøyane haldt fram på kampdagen og videobileta av russiske fans som gjekk til åtak på engelske fans på tribuna rett etter at dommaren blåste av 1-1 kampen, rysta verda.

I ettertid har begge nasjonane fått ei åtvaring frå det europeiske fotballforbundet (UEFA). Tysdag annonserte UEFA at Russland får ei bot på 150.000 euro og risikerer å bli utestengd frå meisterskapet dersom tribunebråket gjentek seg.

Valdsspiral
Forskaren understrekar at det er ein liten minoritet som reiser til kampar med intensjon om å sloss.

– Det dreier seg om kanskje 150 russarar av i alt 15.000 tilreisande og 150 engelskmenn av kanskje 40.000 i Marseille og 70.000 i Lille.

Når det kjem til fotballbråk er dette det verste meisterskapet Pearson kan hugse, sjølv om det var ein del bråk i Belgia då dei i 2000 arrangerte EM saman med Nederland.

I dag torsdag kom meldingane om at 36 fotballfans var pågripne og 16 sendt til sjukehus etter opptøyar i Lille.

Ifølgje Pearson var dette engelskmenn som var ute etter hemn fordi russarane gjekk til åtak på heilt vanlege supporterar på tribunen.

Politiet skal ha jaga engelske supporterar rundt i gatene og igjen tydd til tåregass for å bryta opp massane.

– Responsen frå det franske politiet gjer det berre verre og dreg folk inn i kampane. Ta til dømes ein situasjon der 300 engelske supporterar syng utfor ein pub. Der er det kanskje seks stykk som har lyst på ein kamp og kastar ei eller to flasker. Når opprørspolitiet står utanfor og bruker tåregass på alle dei andre 294  føler dei at det er illegitimt og blir provoserte. Neste gong er det ikkje 6, men 12 – dobbelt så mange, seier Pearson, som skildrar ein spiral av eskalerande vald.

Visste du forresten at sommarjobb minkar risikoen for vald?

 
Slik såg det ut i Marseille etter herjingane. Foto: Geoff Pearson

Kritisk til fransk politi
Forskaren som vert omtalt av media som «hooligan-ekspert» meiner tryggleiken under EM er for dårleg og at dei russiske fotballpøblane, som synast å vere organiserte burde ha vore nekta å reise av russiske myndigheiter.

– Å tillata grupper som desse russarane å herja i Marseille i 12 timar er heilt uakseptabelt. Politiet må isolera dei som skapar trøbbel og verna om dei uskuldige.

Han meiner vidare at det franske politiet har mykje å læra frå korleis Tyskland, Portugal, Nederland og England har handtert liknande situasjonar.

– Dei har politifolk som går inn i mengda. Dei snakkar med fansen og spør korleis det går. Slik oppstår ein dialog og tillit mellom fansen og politiet.  Politiet får respekt og kan få informasjon frå fansen, slik kan dei ta dei 6 og folk veit kvifor dei gjer det, noko som gjev politiet legitimitet. Det tek ganske enkelt vekk moglegheita deira til å laga store opptøyer.

Frankrike er kjent for å vere åstad for fotballopptøyar, difor  var ikkje Pearson overraska over uroa.

– Dette viser at dei ikkje har utvikla taktikken sin og difor var uroa uunngåeleg.

LES OGSÅ: «Leve FC Barcelona, leve Catalonia!»

Undercoverarbeid
Frå 1995 til 2007 gjorde Pearson akademisk forsking som undercover hooligan i den vesle klubben Blackpool og med det engelske landslaget.

– Eg fann ut at fotballpøblar var mindre organisert og færre enn det som vart framstilt i media. Eg såg mykje urolegheiter, men med eitt unntak var det ikkje organisert.

Men ifølgje Ronan Evain, professor i politikk og spesialist på russisk supporterkultur, er russiske «hooligans» langt meir organiserte enn dei britiske, melder VG i ei sak om dei frykta russarane.

Ifølgje Pearson har verken den engelske ordboka eller jussen ein klar definisjon på kva som er fotballpøblar eller hooligans. Nokon vil seia at ein person er ein hooligan om han vert med i spontane urolegheiter, medan andre meiner ein må vere med i gjentekne opprør i samband med fotballkampar.

For mange handlar det om spenninga og kameratskap.

I dag fortalde tidlegare fotballpøbel Bengt Angnor Calmeyer om sine erfaringar på Nyhetsmorgen på NRK P2. 

– For meg var vald eit rusmiddel. Eg fekk eitt kick av å vere ein del av ei gruppe som sloss mot ei anna gruppe fotballsupporterar. Eigentleg kunne det kanskje ha vore om kva som helst, så lenge det er to motstandarar og ein reiser til ein by eller dei kjem til deg, og det er ein for rivalisering. Eg var ein del av ei gruppe som tok han eitt steg lenger og kanskje følte oss som ekstra gode supporterar, fordi me sloss for laget vårt.

Han omtalar det som ein machokultur, som ikkje er særleg utbreidd i Noreg. Men ein skal ikkje lenger enn til Sverige for å finne valdsproblem i fankulturen.

LES OGSÅ: Fotball-England anno 1320: Fire menn straffa for blodege angrep

Kritisk til alkoholforbod
I kveld kan det verta ei ny tryggleiksutfordring når Polen møter Tyskland. I tillegg har ukrainske fans hatt ei historie med Tyskland.

Som svar på utfordringane har franske myndigheiter gått inn for lokale alkoholforbod rundt EM-stadionane.

Eit liknande forbod vart innført i England i 1985 og Pearson har sjølv studert effekten av tiltaket.

– Det er ikkje noko forsking som viser at dette har ein effekt. Desse restriksjonane gjer ofte forholda verre, fordi fansen drikker meir før kamp. I staden for å drikke openlyst frå plastikkoppar, gøymer dei seg vekk for politiet og drikk frå flasker – noko som er farlegare, avsluttar forskaren.