Narkotika er blitt meir akseptert blant unge

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk ungdom kjem godt ut i den europeiske statistikken over misbruk av narkotika, men no meiner fleire og fleire at hasj er ufarleg, og så mykje som éin av fire elevar mellom 15 og 20 år kjenner til kjøp eller sal av narkotika på skulen sin. Det viser ei ny undersøking gjennomført av Sentio for Actis, ifølgje NRK.

Endrar sosial status
Før var det meir sett ned på å til dømes røyka hasj. Dei siste åra har haldningane endra seg, spesielt blant yngre. Ifølgje forskning.no er dei mellom 12 og 25 år minst skeptiske til hasj, og dei aller mest liberale har høg utdanning og kjem frå familiar med god økonomi.

Det er også inntrykket til Norsk narkotikapolitiforening (NNPF), ifølgje NRK.

– Dei siste to åra har me sett at ein del ulovlege rusmiddel, spesielt cannabis, har endra sosial status, seier Christian Stoutland, leiar i foreininga, til NRK, og legg til at dei vellukka ungdommane er ei ny brukargruppe. Desse blir også førebilete for andre ungdomar.

Meir om narkotika:

Marihuanabruken i USA dobla på eit tiår.

Simone (23) fortalde ope om eige hasjmisbruk på Facebook

«Jonas» brukar cannabis dagleg. No vil han ta førarkort.