Forlaget Oktober er no det størst på norsk skjønnlitteratur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samlaget minst i landet

Det går fram av bransjestatistikk frå Den norske Forleggerforening over bokomsetning i Noreg i 2015.

Forlaget Oktober har ein marknadsdel på norsk skjønnlitteratur for vaksne på 21,2 prosent. Dette er første gong forlaget toppar denne statistikken.

På andreplass følgjer Aschehoug med 19,5 prosent og Gyldendal på tredje med 16,7 prosent.

På dei neste plassane finn vi Cappelen Damm med 14,6 prosent, Bestselgerforlaget med 9,3 prosent, Vigmostad og Bjørke med 4,5 prosent, Kagge forlag med 3,7 prosent og nynorskforlaget Samlaget med 3,6 prosent. Gruppa «andre forlag» utgjer i lag 6,7 prosent av bokomsetnaden.

Forleggjarforeininga utarbeider årleg ein bransjestatistikk over bokomsetninga i Noreg. Tala byggjer på opplysningar henta inn frå medlemsforlag, bokklubbar og andre aktørar i bokmarknaden. Omsetninga til forlag som ikkje er medlemmer av foreininga byggjer dels på innrapporterte tal, dels på skjønn. (©NPK)

Samlaget har likevel gjort suksess i det siste – rett nok med italienske Elena Ferrante

No blir det kanskje færre bøker i bokhylla nordmenn satsar meir på e-bøker og lydbøker