Solaris korrigert er Årets framsyning.

mm

Heddaprisen vart i dag delt ut for 19. gong.

Solaris korrigert vann Heddaprisen for Årets framsyning, beste audiovisuell design ved Sjur Miljeteig og beste kvinnelege skodespelar ved Ane Dahl Torp. I tillegg vann Per Scaanning Heddaprisen for beste mannlege medspelar i Fulle folk. Dermed blei det nynorske teatret i hovudstaden det mestvinnande teatret i år.

Juryen seier dette om Solaris korrigert:

«Årets framsyning er eit uvanleg vellukka og heilskapleg Gesamtkunstwerk, av sjeldan kunstnerisk kvalitet. Her blir ei framand, dyster og skremmande røyndom skildra med ein varme og innleving som innbyr til nærleik, forståing og sorgfull empati. Basert på eit språkleg sett svært komplekst poetisk mesterverk er framsyninga også eit kunststykke i teatral formidling og levandegjering. Den etterlét oss med eit nytt, optimistisk perspektiv på språkleg kommunikasjon og rekkevidda av kva me er i stand til å forstå.»

LES OGSÅ: Det Norske Teatret nominert til sju prestisjeprisar

Den Norske Scene i Bergen fekk tre prisar for «Vår ære/vår makt».

– Årets pris går til eit unikt kunstnerisk samarbeid som på kompromisslaust og modig vis kontekstualiserer verket til ein av «dei beste», skriv juryen om tekstarbeidet til Tore Vagn Lid og Cecilie Løveid.

LES OGSÅ: Fosse vil ta Odin tilbake frå høgreekstreme

Her er alle prisane:

Beste kvinnelege skodespelar
Ane Dahl Torp for rolla som Aig i «Solaris korrigert» av Øyvind Rimbereid, regi Peer Perez Øian – Det Norske Teatret.

Beste mannlege skodespelar
Kåre Conradi for rolla som Richard III i «Richard III» av William Shakespeare, regi Kjersti Horn – Nationaltheatret.

Beste kvinnelege medspelar
Mari Hauge Einbu for rolla som Louise i «Armod og edelt sinn» av August von Kotzebue, regi Sigrid T’Hooft – Trøndelag Teater.

Beste mannlege medspelar
Per Schaanning for rolla som Karl i «Fulle folk» av Ivan Vyrypajev, regi Sigrid Strøm Reibo – Det Norske Teatret.

Beste regi
Tore Vagn Lid for «Vår ære/vår makt» av Nordahl Grieg, Tore Vagn Lid og Cecilie Løveid – Den Nationale Scene.

Årets framsyning
«Solaris korrigert» av Øyvind Rimbereid, regi Peer Perez Øian – Det Norske Teatret.

Årets barne/ungdomsframsyning
«Den sommeren pappa ble homo» av Endre Lund Eriksen, regi Petter Næss – Hålogaland Teater.

Beste scenografi/kostymedesign
Olav Myrtvedt for scenografi og kostymer til «Vår ære/vår makt» av Nordahl Grieg, Tore Vagn Lid og Cecilie Løveid, regi Tore Vagn Lid – Den Nationale Scene.

Beste audiovisuell design
Sjur Miljeteig for musikk til «Solaris korrigert» av Øyvind Rimbereid, regi Peer Perez Øian – Det Norske Teatret.

Beste scenetekst
Tore Vagn Lid og Cecilie Løveid for tekstarbeid til Nordahl Griegs «Vår ære/vår makt», regi Tore Vagn Lid – Den Nationale Scene.

Særleg kunstnerisk innsats
Beaivvás Sámi Nasunálateáhter for «Vidas Extremas» av Sigbjørn Skåden, Veronica Salinas, Rosa Chávez og Angel «Kame» Canas Ambrosio, regi Jon Tombre.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10
ANNONSE