Den islandske festivalen The Secret Solstice lokkar med privatfly og verdas første konsert inni ein vulkan.

mm

I år er tredje gongen den eksklusive islandske festivalen The Secret Solstice vert arrangert i Laugardalur i Reykjavik.

Ein rapport frå 2015 viser at festivalar skapar store økonomiske ringverknadar i lokalsamfunn – så sant dei har lokalt næringsliv som kan dra nytte av gjestene.

Isbre og vulkan
Festivalen, som vert arrangert frå 16.-18. juni,  marknadsførar seg som verdas første festival med ein billettpris på éin million dollar. Det er ei femdobling frå fjorårets 200.000 dollars luksusbillett. 

I tillegg lokkar festivalen med midnattssol, DJ-festar inni ein isbre og verdas første livekonsert inni ein vulkan, som er årets nyheit.

Vulkanen Thrihnukagigur har ikkje vore aktiv på 4000 år. For den nette sum av 250.000 islandske kroner skal 20 personar hentast i helikopter i Reykjavik og fykast til toppen av vulkanen. Derifrå skal dei 120 meter ned i vulkanen for å sjå ein eksklusiv konsert.

Akkurat kven som skal spela inni vulkanen den 18. juni er framleis hemmeleg, men både Radiohead, Of Monsters And Men, Deftones, Die Antwoord og Action Bronson er mellom artistane som skal spela under festivalen.

Visste du forresten at festivalar på bygda er meir lønsame enn i byen?

Privatfly og personlege assistentar
I år har festivalen fått stempelet karbonnøytral, noko som kan  verka litt merkeleg sidan dei tilbyr sine gjester privatfly. I tillegg til å bruka fornybar varmeenergi frå jordas indre har dei valt å balansera ut rekneskapet med å kjøpa karbonkvoter i regnskogen på Madagaskar.

I tillegg til isbrefest, vulkankonsert og privatfly frå kor som helst i verda for inntil seks personar, inkluderer det dyraste festivalpasset mellom anna privatsjåfør, kokk, personlege assistentar og livvakter 24/7, ein privat kveld på Den blå lagune, privatkonsertar med islandsk musikk, isbretur i midnattssol, kvalsafari, helikopter og fly over sagaøya og mykje, mykje meir. (Her kan du sjå heile lista.)

For dei som ikkje har éin million dollar å bruka på ei tredagarsoppleving finnast det eit enklare festivalpass til 24.900, 34.900 eller 129.900 islandske kroner.

Les meir!

Festivalsjefar etterlyser eigen festivalpolitikk

Skal du på Øya i år? Slik får du ein nynorsk festival midt i Oslo!

Ingen fylke har fleire festivalar enn Hordaland

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE