Tarmbakteriar kan gjere deg deprimert

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved Mount Sinai School of Medicine i New York har kartlagt korleis tarmbakteriar påverkar hjernen. Resultata gir håp for ny behandling av depresjon.

Forsøka gjekk ut på å flytte tarmbakteriar frå deprimerte mus over i tarmane til normale mus. Dyra som fekk nye tarmbakteriar viste deretter tydelege teikn på depresjon. Dei friske musene vart derimot ikkje påverka då forskarane tilsette antibiotika samtidig med nye tarmbakteriar.

Forskingsgruppa fann også at nokre tarmbakteriar produserer eit signalstoff som kan redusere nivået av myelin rundt nervecellene i hjernen. Lågare nivå av myelin i hjernen er tidlegare vist å vere involvert i utvikling av depresjon.

– Vi håpar at behandling av nevrologiske sjukdommar kan rettast mot stoffa produsert av tarmbakteriane, seier professor Patrizia Casaccia til ScienceDaily.
____

Referanse: Microbiota-driven transcriptional changes in prefrontal cortex override genetic differences in social behavior https://elifesciences.org/content/5/e13442