I Rogaland får dei gratis bøker

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 2010 har innbyggjarane i Rogaland kvart år fått gratis bøker gjennom prosjektet «Hele Rogaland leser». Målet er å gje befolkninga ei felles leseoppleving og auka interessa for litteratur, gjennom å løfta lokale forfattarar.

Det heile byrja då Stavanger var Kulturhovudstad i 2008. Gjennom «Hele byen leser» fekk innbyggjarane tilbod om Kaninbyen av Arild Rein.

To år seinare vart prosjektet utvida til heile fylket.

Visste du forresten at barn som veks opp med tilgang på bøker får betre betalte jobbar?

Tjukk bok – mindre opplag

Til hausten skal biblioteka i Rogaland dela ut 25.000 eksemplar av Erika Fatland sin Sovjetistan.

Opplaget vert faktisk avgrensa av tjukkleiken på boka, som må lagrast på bibliotek rundt om i heile fylket.

– Heile Rogaland leser opererer med opplagstall forfattarar vanlegvis berre drøymer om, sa Fatland då det vart kjent at boka hennar var valt ut som årets bok i Rogaland.

Erika Fatland vart i Morgenbladets kåring utropt til éin av Noregs ti beste forfattarar under 35 år. Sjå heile lista over forfattarar her!

Frå teikneseriar til politikk
I tillegg til eit større opplag får forfattaren reise rundt på turné i heile fylket.

Prosjektleiar Stig Beite Løken veit ikkje om noko andre fylke som årleg gjev ut bøker i den skalaen som Rogaland gjer.

– Me fann tidleg ut at det er umogleg å velje ei bok som alle liker. Difor endrar me publikum frå år til år. I fjor var det barneboka Sov søtt, herr Spiss av Erna Osland og Inger Lise Belsvik, medan boka i år er ei reiseskildring som passar for dei som er interessert i historie og politikk. Ein er nøydd å endra seg frå år til år for å ikkje stivna, seier Løken.  

Til no har dei delt ut både diktsamlingar, teikneseriar og ein politisk antologi i samband med 100 årsjubileet for  stemmerett for kvinner.

«Hele Rogaland leser» er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, LO Rogaland, Næringsforeningen i Stavanger-regionen og Sølvberget, Stavanger bibliotek- og kulturhus.

Til no har dei fått prosjektstøtte frå Sparebank 1 SR-Bank og Sparebankstiftelsen SR-bank, men sidan tilbodet etter kvart er blitt permanent må dei frå neste år finna nye inntektskjelder.  

LES OGSÅ: Fleire går på biblioteket

Identitetsbygging

Suksessen blir målt på kor fort bøkene forsvinn frå biblioteket. Her skil barneboka Sov søtt, herr Spiss og Lene Ask sin Hitler, Jesus og farfar seg ut som dei klåre favorittane.

Og prosjektleiar Løken tykkjer absolutt at fleire fylker burde satsa på liknande lesetiltak.

– Det er ein fin måte å løfta litteratur frå fylket på og skapa felles identitetsbygging. Det er òg med å løfta biblioteka, der det generer innhald gjennom ulike arrangement. Ein kan òg bake andre ting inn i det, som då me gjennom den kulturelle nistepakken reiste på turné til arbeidsplassar i lunsjen med rapparen Atlars.

Les intervju med Atlars her!

Faktaboks

Bøker i «Hele Rogaland leser»:
2008: Arild Rein: Kaninbyen (Hele Stavanger leser)
2009: Kielland: Fortuna (Hele Stavanger leser)
2010: Risa: M. Kanne & Søn
2011: Lene Ask: Hitler, Jesus og farfar
2012: Kolbein Falkeid: Utvalgte dikt
2013: Makt, ofre og idioter: en antologi om makt i Rogaland
2014: Kjartan Fløgstad: Grand Manila
2015: Erna Osland (forf.) og Inger Lise Belsvik (illustr.): Sov søtt, herr Spiss
2016: Erika Fatland: Sovjetistan