Pleie- og omsorgstenesta vil ha behov for 100 000 nye årsverk

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 07.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Går du rundt og lurer på kor det er trygt å starta ei karriere? Det vil i alle fall ikkje bli mindre behov for arbeidarar innan pleie og omsorg, om me skal tru reknestykket til Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Ein ny rapport kartlegg behovet for arbeidskraft i pleie- og omsorgssektoren fram mot 2060. I dag har denne sektoren 133 000 årsverk – i 2060 kan talet vera rundt 220 000.

Auka vil komma frå fleire «heildøgnsplassar» – altså omsorgsbustader med bemanning heile døgnet. Føresetnaden er også at familiane ikkje tek over meir av omsorga sjølv.

Dersom levealderen i Noreg aukar, noko den fort kan gjera, kan talet auka endå meir – då kan behovet komma opp mot 332 000 årsverk i pleie- og omsorgstenesta.

Det vil ikkje vera vanskeleg å få seg jobb i den bransjen, med andre ord.

Meir om yrkesval?

Fleire og fleire vil  bli sjukepleiarar – køen er blitt lang.

På same tid vil nesten ingen utdanna seg innan olje lenger.

Komikar Lars Berrum er utdanna sjukepleiar. – Har du lyst, så prøv! er hans studietips.