NHO foreslår ungdomsreform
Det må ei reform til for å få unge ut av eit passivt stønadsliv, meiner NHO-direktør Kristin Skogen Lund.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ho meiner ein altfor lenge har sete stille og sett på at arbeidsavklaringspengar (AAP) er ein sikker veg ut av arbeidslivet, skriv Dagsavisen. No vil Lund fjerne heile ordninga for alle under 30.
– Sjølvsagt finst det unge som er sjuke og ikkje skal jobbe, men desse må få andre ytingar. Veldig mange manglar først og fremst ei oppleving av meistring eller kompetanse. For desse må vi lage ei reform som gjer vegen til opplæring eller arbeidspraksis veldig kort.
Ho vil gi Nav moglegheit til å tilby arbeidsretta tiltak til unge utan erfaring, utan at det blir kravd ein diagnose. Ho vil la unge som er i ferd med å droppe ut av skulen, velje opplæring i bedrift rett frå ungdomsskulen. I tillegg ønskjer ho ei støtteordning for å bidra til opplæring eller arbeidspraksis, at det blir teke utgangspunkt i behovet arbeidsgjevar har for arbeidskraft og at det blir gitt opplæring i spesifikke arbeidsoppgåver.
– Det skjer mirakel når folk kjem ut på ein vanleg arbeidsplass som er klar for å ta imot dei. Vi har eksempel på at folk med sosial angst er blant dei beste vektarane på Gardermoen. Ofte handlar det om å komme seg over ein terskel, seier NHO-sjefen. (©NPK)
Meir om arbeidsløyse?