Éi av fire jenter har blitt seksuelt krenkte

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Éi av fire har blitt seksuelt krenkte

– Over éin fjerdedel av unge jenter, 29 prosent, har opplevd minst ei form for seksuell krenking i løpet av oppveksten. Sju prosent av gutane har opplevd det same, fortel prosjektleiar for UngVold-undersøkinga Svein Mossige.

Funna kjem fram den nyaste NOVA-rapporten «Vold og overgrep mot barn og unge»

Forskarane ved NOVA, Høgskolen i Oslo og Akershus, har undersøkt kor mange barn og unge som har vore utsett for vald og seksuelle overgrep i oppveksten.

4.500 ungdommar mellom 18 og 19 år over heile landet har delteke i spørjeundersøkinga, som ser på utviklinga frå 2007 fram til 2015.

LES OGSÅ: Lærarar skal læra meir om overgrep

Uønska tafsing
Resultata viser at jenter er meir utsatt for seksuelle overgrep og krenkande åtferd enn gutar.

Den vanlegaste krenkinga ungdommane har opplevd er uønska tafsing. Nesten éi av fire – 23 prosent – av jentene har opplevd dette, mot berre 4 prosent av gutane.

Éi av ti jenter har blitt pressa til seksuelle handlingar mot sin vilje, og ni prosent har vorte forsøkt tvunge til samleie eller oralsex.

Når ungdommane får spørsmål om dei har blitt valdtekne, svarte fem prosent av jentene og éin prosent av gutane ja.

Men når forskarane spurte om dei hadde vorte utsett for dei ulike handlingane som lova definerer som valdtekt, kom det fram at om lag ti prosent av jentene har opplevd valdtekt.

UNICEF: Éin av ti jenter har opplevd seksuelle overgrep – dei færraste søkjer hjelp

Kjente gjerningsmenn
Overgrep mot jenter blir i hovudsak utført av gutar og menn. Overgrep mot gutar blir utført av kvinner i mellom éin tredel og halvparten av tilfella.

– I veldig mange tilfelle er det andre jamaldrande, og i 67 prosent av tilfella er det ein ven, venninne, kjæraste eller kjenning. Dei fleste av overgrepa skjer altså mellom jamaldrande, ofte er guten eit par år eldre enn jenta når det skjer, forklarar forskar Kari Stefansen på nettsidene til Høgskolen i Oslo og Akershus.

I nesten halvparten av tilfella er det alkohol med i biletet, og det vanlegaste var då at begge partane var rusa.  

LES MEIR: Kripos: Overgrep mot barn på nettet aukar