Noreg til topps på endå ei kåring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg hamnar øvst på ei liste som rangerer 142 av landa i verda etter kor velståande og framgangsrike landa er.

Velstandsindeksen er utarbeidd av den britiske tenkjetanken Legatum Institute og vurderer åtte hovudkategoriar, skriv VG. Noreg toppar ingen av desse hovudkategoriane, men er det einaste landet som er blant dei ti øvste i alle kategoriane. Og trass i at vi går ned på nokre av desse punkta, endar vi altså på førsteplass når det heile blir slått saman. Akkurat som vi gjorde i fjor og dei fem førre åra.

Økonomi, sosial kapital, personleg fridom, tryggleik og kor fornøgde vi er med styresmaktene er område der vi gjer det litt svakare enn for eit år sidan. Til gjengjeld rykker vi éin plass opp i kategoriane entreprenørskap og helse. Vi blir ståande på femteplass når det gjeld utdanning, ifølgje Legatum-vurderinga.

Alle dei nordiske landa hamnar blant dei tolv beste på lista, med Danmark som beste naboland på ein tredjeplass. Sveits ligg på andreplass. Til liks med mange andre liknande kåringar, har denne også med Australia, New Zealand og Canada blant dei ti beste.

Dei tre minst velståande og framgangsrike landa i verda er Den sentralafrikanske republikk, Afghanistan og Haiti, dersom vi bruker Legatum-indeksen som fasit. (©NPK)