Oda (23) skal segla til Australia

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Herregud, det er ikkje lenge til!

Oda er ikkje kledd for regnvêret som tek følgje med oss det korte stykket frå ferjekaien til båthamna.

Der ligg «Snuppa» og ventar. Den 32 fot lange båten har vore heimen hennar i fleire veker allereie. Den unge eigaren har lært seg halve motoren og skal snart bli betydeleg betre kjent med sin Jeanneau Rush 97.

1. juli legg nemleg 23-åringen ut på ein halvtanna år lang segltur – heilt åleine.

Draumen om Home and Away  
Ruta går ned til Kanariøyene, før ho tek fatt på det rundt tre veker lange strekket over Atlanteren til jul i Karibien. Deretter ventar Panama-kanalen, før ho kryssar Stillehavet og når endestasjonen Australia.

Der håpar den nyutdanna filmstudenten å vere ei stund, utan at dei endelege planane er lagt.

I tillegg til å nå Australia drøymer Oda om å møte ein kjekk mann på sjøvegen og tek gjerne ein liten jobb på settet til Home and Away.

– Trur du det går endå? spør Oda.

LES OGSÅ: Tobias (29) mista jobben – seglar rundt Nord-Atlanteren

Oda Pedersen taule stortrivst med å bu i den 32-fot lange seglbåten sin.
Oda stortrivst med å bu i den 32-fot lange seglbåten sin. 

Nattevakt som 12-åring
Trass sin unge alder er ikkje Oda noko førstereisjente på sjøen. For 12 år sida tok nemleg foreldra ho og veslesystera med på ein regatta der dei segla den såkalla Mjølkeruta over Atlanteren.

12-åringen vart spent fast på dekk og fekk halde nattevakt heilt åleine.

– Det er eg eigentleg veldig glad for. Eg var jo livredd i byrjinga, men så får ein jo ein slik ro. Det var ikkje mykje me skulle gjere, for me hadde jo autopilot. Alt ein trengte var eigentleg å halda vakt, seier Oda, som hugsar heile den lange sjøreisa som ein lang solskinshistorie.  

På den milde sjøferda over til båtplassen på Hovedøya, fortel Oda at det faktisk er sjøreisa over til Danmark ho er mest spent på. 

– Det er jo den første havstrekninga eg skal over. Viss det går bra, så har eg godt grunnlag for å klara resten òg. Så håpar eg berre at alt funkar og at eg klarar å bli kjent med folk på vegen. For eg ser jo for meg at eg går i land, så er det andre seglarar der, som ein kjem i prat med.

LES OGSÅ: Debuterer i Tall Ship Races

Jenter som seglar
Tidlegare i år hadde Oda ein skikkeleg test av båten då ho segla «Snuppa» frå heimbyen Bergen til studiebyen Oslo. Når ho hoppa i land for å fortøya  var det ikkje fritt for at nokon kommenterte.

– Då eg var i Horten, høyrte eg nokon i nabobåten kviskra at: «Herregud, det er jo ei jente!» Så eg føler meg litt som ein sirkusape.

Oda ler. Mange tek det for gitt at ho seglar med følgje og får ei aha-oppleving når ho forklarar at ho seglar åleine.

– Folk blir veldig overraska, men eg har jo like store føresetnadar for å klara det som ein gut har.

Oda Pedersen Taule (23) forelska seg i båten «Snuppa» i fjor og jobbar på spreng for å få ho klar til jordomsegling
Oda forelska seg i båten «Snuppa» i fjor og jobbar på spreng for å få ho klar til jordomsegling. 

Handy-Oda
For Oda har det vore viktig å gjera mest mogleg av oppussinga og førebuingane sjølv, slik at ho er klar for alle utfordringane ho kan møta undervegs. Det betyr at ho har spurt seg til råds og fått mykje god rettleiing på diverse båtbutikkar.

– Det er ofte slik at menn skal styra båten og fiksa ting, men då lærer ikkje me det. Eg blir invitert heim til venninner for å snekra opp hyller, det klarar dei jo heilt fint sjølv. Dei har berre ikkje vore nøydd å gjera det.

Akkurat dette er viktig for Oda; å visa andre jenter at det er ikkje så vanskeleg.

23-åringen har teke frå kvarandre det meste i båten og fiksa lekkasjar, skifta vinyldukar og pussa opp cockpiten.

– Venninnene mine seier at eg er den mest handy dei kjenner, men det handlar kanskje mest om at eg er løysingsorientert. Eg tykkjer det er sjukt gøy og gjere slike manneting. Seinare i dag kjem det ein fyr for å sjå på motoren, som skal læra meg resten. 

LES OGSÅ: Lise er bås på Noregs største krigsskip

Kjole og maledress
– Sjekka motor, sjekka seglet, sjekka rigg og få dei lekkasjane under kontroll. Og så burde eg jo ha kartplottar. Og så vindauga, det lekk litt. Når tinga er under kontroll, då trur eg at eg er klar.

–  Og så må eg ha ein redningsflåte.

Oda er langt frå stressa. Både ho og «Snuppa» skal bli klar.

Men det er ikkje fritt for at det er litt kaos om dagen, med både båtoppussing og studieinnspurt.

I kahytten heng ein kjole, klar til premierefesten, som markerer avslutninga på bachelorgraden i film og tv på Westerdals. Snart vert det meir Ullvang og stilongs, enn glitter og glamour.

Oda har allereie starta reiseblogg og byrja å filma seg sjølv, til det som forhåpentlegvis vert ein inspirerande segledokumentar.

– Eg treff mange eldre, som seier at dei skulle ynskje dei gjorde dette for ti år sidan. Det motiverer meg berre endå meir. Det er jo ikkje alle som drøymer om det. Men det er heilt sjukt eigentleg, at det er så lett å berre gjere det ein har lyst til.

Oda Pedersen Taule har lært mykje under førebuingane til den store reisa.
Oda har lært mykje under førebuingane til den store reisa. 

Budsjetteventyr
Oda vil visa at segling ikkje berre er ein aktivitet for gamle rike menn.

Det meste av turen går på stramt budsjett. I førebuingsfasen har ho ikkje meir å rutte med enn stipendet. Det er ikkje berre, berre, når ein manglar både djupnemålar og VHF-radio.

Budsjettet på turen er 10.000 kroner, noko Oda tenkjer er romsleg. Men skulle eit segl ryke går det fort nokre titals tusen i det.

Heldigvis har ho fått både solcellepanel, satelittelefon, gummibåt og påhengsmotor, etter å ha lagt ut annonser på aktuelle seglesider.

Hytte på vatnet
Segling har blitt ein stadig større del av livet til 23-åringen. Sjøen er ein fristad der ho kan slappe heilt av.

Ho seglar ganske enkelt rundt i heimen sin, som ho har innreia med falske blomar og eit blågrønt bilete i ei gul ramme. Oda vil ha ein heim som ikkje er prega av det typiske maritime.

I bokhylla står Mot til å seile. 101 råd til deg som vil kaste loss. Ei gåve frå mor og far. Ved sida står ikkje mindre enn 14,000 things to be happy about.

– Det er mange som nesten syns synd på meg, fordi dei ikkje veit korleis eg har det her. Korleis lagar du mat? Har du do? Folk skjønar ikkje at det er ei lita hytte på vatnet, så eg vil vise at det ikkje er så verst. Det er eigentleg veldig bra.

– Det er jo ingen draumesituasjon for nokre foreldre, fordi det er jo ein risiko. Men dei har ikkje sagt noko og vore veldig støttande, fortel Oda Pedersen Taule, som gler seg til å feira jul med familien i Karibien
– Det er jo ingen draumesituasjon for nokre foreldre, fordi det er jo ein risiko. Men dei har vore veldig støttande, seier Oda, som gler seg til å feira jul med familien i Karibien.