Egg eller mango?

 Ikkje ver eit egg, ver ein mango.

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Denne saka vart først publisert på Magasinett

Nei, eg veit ikkje heilt, eg heller. Presten sa det i kyrkja ein gong, men eg hugsar ikkje samanhengen. Venninna mi skreiv det på russekortet sitt, men ho hugsa ikkje samanhengen, ho heller. Men ver ein mango, altså. Eller kanskje ein burde vere eit egg. Som sagt, eg veit ikkje heilt. Men det er jo litt kult sagt.

Les også:  Vegen til vegetar

Egg er ei veldig god og anerkjent vare av type mat. Egget inneheld alle dei viktige næringsstoffa og er kjempesunt. Samfunnet er jo opptatt av sunt.  Og, om du ikkje var heilt sikker: egget er ferdigsnakka, i alle fall for ein periode. Det er sunt, og ein kan ete det dagleg utan å dø, få hjartesjukdommar eller legge på seg. Du treng dermed ikkje vere redd for at du ikkje er flink nok om du kokar deg eit egg i dag. Flaks. Egget er også veldig nyttig. Dessutan passar det inn over alt. Egget gjer rett og slett mykje godt. Kvifor ikkje vere eit egg, altså. Eg veit ikkje heilt. Men ver heller ein mango.

Egget er ut. Nokon må tape. Eller rettare sagt: vi må vel finne ein vinnar? Alltid. Kanskje er det mangoen. Mango er den mest etne frukta i verda etter banan. Eg er einig med verda der. Eg kjenner mange andre som er det òg.  Flaks. Det er viktig å vere einig med verda. Trenden, moten, det nye osv. No er det mangoen, altså. Mango er jo svært godt. Litt kulare enn banan, eple og pære, litt eksotisk. Og eg vil jo gjerne vere både populær, kul og eksotisk, vil eg ikkje? Eg vil jo ikkje berre vere eit eple. Eller eit egg.  Eg må klatre, utnytte potensialet, realisere mangoen. Meg sjølv. Det er vel eit mål. Og hugs no for all del på målet.

Eller la målet stå åleine for seg sjølv og vente litt? Det er jo ikkje etter at teksten er skriven at eg trivst og har det kjekt, reflekterer og utviklar meg. Tvert i mot er det akkurat no, medan eg sit her i eit halvfebrilsk forsøk på å forstå noko ein prest ein gong sa, at eg har noko å ta meg til, utnyttar tida og gjer noko lurt med ein fredag. Og det handlar jo sjølvsagt om det også. Kor mykje ein har fått ut av dagen, meiner eg. Det er kjekkare å legge seg om kvelden når ein veit at ein har gjort noko bra i dag. Kva er vel ein heil formiddag utan eit prosjekt, ein aktivitet eller eit produkt? Kasta vekk, kanskje. Ikkje bra nok. Ein tapar. Og vi er ute etter vinnaren, så vidt eg har forstått.

Mangoen. Det er mangoen som skal vinne. Eller kanskje det er meg? Eg skal jo i alle fall vinne. Eg skal skrive, vere flink, få fram noko lurt, publisere det og vere ein vinnar. Overgå dei andre, vise kva som bur i meg, gjere noko. Det er ikkje sikkert at du visste at det var betre å vere ein mango enn eit egg då du vakna i dag. Det er ikkje eigentleg sikkert at du veit det når du vaknar i morgon heller. For er det eigentleg betre å vere ein mango enn eit egg? Kanskje ikkje? Kanskje verken mangoen eller egget er best. Eller treng å vere best. Men uavgjort er ikkje eit spennande resultat. Unødvendig, tapt tid og pengane tilbake, helst. Oi, sann. For det var jo ikkje etter at fotballkampen var over, eller etter at teksten var skriven, at eg skulle ha det kjekt. Det var medan eg heia, kosa meg og kjende på spenninga.

Det er kanskje ikkje kva vi har fått til, men kva vi driv med? Ikkje kva vi har gjort, men kva vi gjer? Eller? Ikkje eingong det, kanskje? For kva med mangoen og egget? Dei berre er.