– Bøker gir betre inntekt

Ein nye studie viser ein samanheng mellom tilgang på bøker i unge år og høgare inntekt i yrkeslivet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barn som veks opp med bøker, får betre betalte jobbar som vaksne enn barn som ikkje har gjort det.

Det hevdar i alle fall ein ny studie som har følgt 6.000 gutar, fødde i ni europeiske land, frå 1920 til 1956. Studien er publisert i The Economic Journal.

LES OGSÅ: Salet av lydbøker og e-bøker på veg opp

Nokre av barna i studien hadde tilgang på mindre enn ti bøker heime, mens andre levde i heimar med over 200 bøker i hyllene.

Dei barna som voks opp med mange bøker, var også dei som oftast tok høgare utdanning.

Det blir vidare hevda at berre eit studieår utover obligatorisk skulegang kan auke den totale inntekta gjennom eit yrkesliv med ni prosent. (©NPK)

Få nyhendebrev med siste boknytt her!