Venstre og KrF droppar støtta til nye fråværsreglar i vidaregåande, ifølgje VG. No må Høgre og Frp håpa på støtte frå Ap.

mm
Faktaboks

• Frå hausten innfører Kunnskapsdepartementet ei ny, nasjonal fråværsgrense på 10 prosent, med unntak for dokumentert gyldig fråvær.
• Gyldig fråvær er helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte og representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
• Avtale om sjølvstendig studiearbeid og skuleadministrativt arbeid blir heller ikkje rekna som fråvær.

LES FAKTALUKK FAKTA

Regjeringa blir avhengig av Arbeidarpartiet for å få innføra den omstridde fråværsgrensa i vidaregåande skule frå hausten av, skriv VG Nett. Både KrF, Senterpartiet og Venstre varslar ifølgje avisa at dei ikkje vil støtta den nye grensa.

– Ei fråværsgrense på ti prosent får ikkje vår støtte. Det er ei altfor rigid grense. Me fryktar at elevar som er i faresona for å hamna over denne grensa, vil gi opp og droppa ut av skulen, seier Anders Tyvand (KrF) til avisa.

SV-leiar Audun Lysbakken har fremja eit forslag på Stortinget om å fjerna fråværsgrensa.

DEBATT: Fråværsgrensa blir ein motivasjon

Giske: – Ikkje konkludert
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) må no henta støtte frå Arbeidarpartiet for å få fleirtal for dei nye reglane. Utdanningspolitisk talsperson Trond Giske uttalar dette i ein sms til VG Nett:

– Me har ikkje konkludert. Må ta det når me har konkludert. Veldig motstand fra alle hald i høyringa.

Les også: Fastlege om nye fråværsreglar: – Rein idioti

Håpar på Ap-støtte
Opptil 10.000 elevar var med på elevstreiken 11. mai mot fråværsreglane. I spissen for streiken er leiar i Stord SU og styremedlem i Hordaland SU, Anna Sofie Ekeland Valvatne (bildet).

– Eg synest det er utruleg bra at ting ser ut til å gå vår veg. Me i Hordaland SU er utruleg stolte over at det som starta med oss og Stord SU har blitt ei nasjonal rørsle, og ikkje minst at politikarane høyrer på oss.

– Kampen vår er ikkje over før kunnskapsministeren sin draum om ein drop-out garanti ligg død. No ligg ballen på Arbeiderpartiet si side av banen. Dei må slå eit slag for elevane i Noreg på same måte som SV og fleire andre parti har gjort. Eg er fast bestemt på at elevane vinn denne kampen, seier Anna Sofie Ekeland Valvatne til Framtida.no.

Dette svarar Kunnskapsdepartementet: – Vil senda klart signal mot skulk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE