Kan det vere nødvendig å vere så sint?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka er laga og først publisert av Universitetet i Bergen.

Kva er sinne?

– Det er ein emosjon eller ei kjensle, og av oss psykologar vert denne kjensla rekna som ein av dei basale. Ein kan skilja mellom state eller trait, eller tilstand eller trekk på norsk. Tilstand i sinnesamanheng inneber at du kjenner deg sint, og det kokar inni deg, kan ein seia. Som eit personleg trekk er det meir stabilt, og nokon har lettare for at det kokar opp i dei. Sinne er ei distinkt og sosial kjensle, seier Leo Kant, stipendiat ved Institutt for samfunnspsykologiI 2012 vant han Bergens-finalen i Forsker grand prix. Han forskar på destruktivt leiarskap, og kan meir enn dei fleste om sinne.

Kvifor blir vi sinte?

– Ein treng ein provokasjon for å bli sint. Når vi vert sinte dreier det seg ofte om at vi opplever noko som urettferdig – og det er ofte sosialt. Vi kan oppleva at nokon har gjort noko urettferdig mot oss, at nokon ser på oss på ein feil måte. Det treng ikkje vera reellt, eingong. Andre gonger kan ein verta sint av å sparka tåa i eit stolbein. Då kan det henda at ein rettar sinnet mot nokon som gjer noko ein kjenner som provoserande. Det er ikkje så mykje nytte i å kjefta på ein stol.

LES OGSÅ: NHO: Unge treng jobb, ikkje diagnosar

Kva skjer med oss når vi vert sinte?

– Kroppen blir aktivert, adrenalin og noradrenalin pumper, blodet trekk seg vekk frå fordøyelsessystemet og ut i lemmene, ein er fysisk klar til kamp eller til å flykta. Korleis ein tenkjer endrer seg også – ein vert meir skjerpa i den forstand at blodforsyningen øker i frontallappene, samtidig som følelsessentret i hjernen går i spinn. Med eitt er ein handlingsorientert.

Er det noko nyttig i å kjenna seg sint?

– Ja, ein kan seia at formålet med sinne er å retta opp i det som kjennest urettferdig. Og det kan vera ei kraftig drivkraft over tid og mot vanskelige odds, som til dømes i den arabiske våren, der store grupper kjente sinne og ville skapa rettferd. I tillegg kan det skapa fysisk energi der det ikkje finst. Spør Northug når han er heilt utpumpa og treng energi til ein heftig spurt – eg vil tru det er ein del sinne med i bildet der. Å vera sint handlar om kommunikasjon. Ein alvorleg sinnereaksjon uttalar eit behov. Det kan vera positivt, men også negativt.

Når er sinne negativt, då?

– Å visa sinne er ikkje nødvendigvis noko problem, det kan jo vera heilt rimeleg. Men om ein klikkar fullstendig og kjeftar ut folk, eller i verste fall tyr til vald, då er ein over i det som på fagspråket vert kalla improper. Det er ei åtferd som ikkje vert tolerert. Det skapar eit dårleg miljø. Om ein sjef viser slik åferd i eit arbeidsmiljø skapar det mindre glede og mindre produktivitet. Og å vera kronisk sint kan føra til helseproblem.

LES OGSÅ: Vi må snakke om sinne

Normen for kva som er over streken er forskjellig frå kvar du er og kven du er. Her er det kulturelle skilnadar. Du kjeftar ikkje ut sekretæren på jobben, men det er noko anna at ein sersjant roper på ein rekrutt i militæret.

Er alle sinte?

– Sinne er noko alle har, det har ein evolusjonær verdi. Sinne kan til dømes aktivera status og dominans. Men i dagens samfunn har vi sjølvsagt andre utfordringar enn for 150 000 år sidan. Men alle kjenner altså sinne, sjølv om nokon kjenner det sjeldnare enn andre. Temperament er ein av dei mest stabile kjenslene og persontrekka vi har, ein nyfødd kan vera sint.

Er det bra å undertrykka sinnet sitt?

– Det kan jo vera fryktelig frustrerande, særleg når det gjeld noko som vert opplevd som urettferdig. Samstundes er det svært vanleg, ein kan manipulera kjenslene sine. Ein ler av sjefen sin dårlege vits, sjølv om den ikkje var så morosam. Det gjer ein for å modifisera seg og overleva.

Kan det koka over for ein, om ein undertrykker sinnet sitt over lengre tid?

 – Det er litt klisjé, det der. Vi er jo ikkje dampkjelar. Men det kan vera ein effekt, at ein går heim og sparkar hunden eller lar det gå ut over familien om ein kjenner seg dårleg behandla på jobben. Samstundes kan det vera klokt å læra seg sjølv å kjenna, og vita kva faktorar som gjer deg  sint. Ein kan samanlikna det med når du høyrer ”Haisommer”-musikken, du veit at noko fælt kan skje. Alle bør kjenna sin Haisommer. Og det er fullt mogeleg å halda igjen sjølv om ein vert provosert. Forsking viser at det faktisk kostar kaloriar og energi å gjera det. For kvar gang du held igjen impulsar, blir det vanskeligare å lukkast neste gang. Og med lågt blodsukker er det lettare å både verta sint og å gå over streken i åtferd. Det er kanskje ikkje så rart at i situasjoner med mange kjappe opplevde provokasjonar kan en mislukkast med å halda roen – som i en småbarnsfamilie.

Ja, kva er dei heitaste tipsa for å ikkje verta for sint?

– Et ei banan og få nok søvn! Er du låg på ein ressurs er du mindre tolerant. Du må sørga for å vera klar før ein situasjon der du veit du kan verta sint. Og prøv å undersøka litt kva som har hendt før du tar heilt av – har personen du var sint på eigentleg prøvd så godt han kunne?

LES OGSÅ: Ikkje for sarte sjeler