Vi må snakke om sinne

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvinner blir sjuke av å undertrykke kjenslene sine, seier ein programleiar på TV2s morgonsending ein onsdag i mai. Og med det er tonen for dagen sett. Ein raud tone, ein tone av temperament og handling, av å ta grep om noko.

Det første eg gjer er å finne fram att Utrensking av Sofi Okssanen. Ho skildrar det finske sinnet. Nokre menn blir valdelege mot dei rundt seg. Nokre kvinner gjer vald mot seg sjølv.

"Eg"-et i Utrensking øydelegg seg sjølv med mat: Ho spis meir enn godt er, og kastar opp att. Det er ei fæl bok, men også ei viktig bok. Eg har lest ho før også, men kanskje kasta noko av innhaldet ut att. Det var for stort og vanskeleg. Eg tar bare ein bit av henne, tar det med meg ut i den vakre maikvelden.

Cornelius Jakhelln på talarstolen under Sinnamann-seminaret.

Oslo er nydeleg denne ettermiddagen. Oslo sentrum er fri for menneskestøy. Folket er på konsert med Metallica på Valle Hovin, eller på storkamp på Ullevål Stadion. Spenstige og sterke kastanjeblomster strekk seg opp mot himmelen. Slottsparken er heilt dronning. Og bak slottsparken, hos Norsk Faglitterær Forfatterforening, der er det i kveld eit arrangement kalla Den sinte mannen. Forfattarane Cornelius Jakhelln og Geir Gulliksen snakkar om forventingar som blir sett til kva ein mann skal vere, og litt om korleis mannsrolla har endra seg gjennom tidene.

– Eg synest det er rart at vi diskuterar den sinte mannen. Vi burde diskutere den sinte kvinna, seier Gulliksen, som hugsar syttitalet, og den tida då kvinner var sinte. Og Gulliksen tykte det var kult.

– Eg synest framleis at kvinner har mykje å vere sinte for, seier Gulliksen, og får nokre tal frå ordstyrar Hannah Hellseth. Ho har skrive boka Generasjon sex, og viser no statistikk som viser at menn framleis tener meir enn kvinner. I diskusjonen etterpå, er det anslag av sinne. Nokre sinte på kjønnskvotering og det dei opplever som manglande likestilling – til kvinners favør. Då hugsar eg Gro Harlem Brudtland, og noko ho skreiv i sjølvbiografien sin på åttitalet: Var det ikkje for kvinnekvotering, hadde ho aldri blitt statsministar.

Ein lege ønskjer å ta biologi inn i debatten, og stiller spørjeteikn ved sinne som "sanning". Ein pedagog vil snakke om kjensler, og kva dei gjer med kanalen som ein vel å uttrykke seg gjennom.

Når ein snakkar med nokon andlet til andlet kan ein legge andre band på seg enn om ein skriv noko på nettfora, seier ho. Ein er sint på kostinga av vegar i Oslo sentrum. Ut att til maikvelden, til blad bristeferdige av klorofyll, til buskar med knoppar klare til å komme fram i lyset. Også kjenslene våre må få sjå lys no og då. Om dei gjer det regelmessigheit, då får dei ikkje vakse seg store og mørke. Ein kan i lengda gjere medmenneska ei teneste om ein er direkte med kvarandre i kvardagen, og fortel det som det er. Litt etterkvart, heller enn som eit stort, meir valdsamt uttrykk.

Les saka i Magasinett!