«Å elske er ein menneskerett»

Rikke Næss
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2016 vart det grønt lys for dei homofile, lesbiske, trans- og biseksuelle. Endeleg vart det lov å gifta seg i den norske kyrkja, uavhengig av kva kjønn ein vel å gifta seg med. Ikkje før i 2016 vart det greitt å gifta seg med nett den personen ein elskar.

Me er på god veg mot eit meir likestilt menneskesyn, noko eg er så utruleg glad og letta for. Kjærleik er for alle, og kjærleik er det sterkaste på jord. Så kvifor diskutere eller krangle om det? Kranglar og debattar har haldt på i titals år. Nettopp om ei så lita sak som å få elske nokon av same kjønn. Ein har dei konservative som nektar å vie dei homofile. Og det er greitt. For alle skal få ha sine syn. Kyrkja skal tross alt vere eit opent rom for alle, seier dei. 

DEBATT: «Me må få lov å hevda det tradisjonelle ekteskapssynet»

Men hallo, tenkjer eg. Vakn opp folkens! Tankegangen til dei konservative er jo på ein måte forståeleg. Bibelen, Adam og Eva, mann og kvinne. Men so tenkjer eg at samfunnet har endra seg litt sidan Adam og Eva levde, og ikkje minst sidan Bibelen vart skriven. 

Å nekte homofilt ekteskap i kyrkja blir for min del so utruleg feil. Ein mann som elskar ein mann, eller ei kvinne som elskar ei kvinne. Kjærleik kjem i ulike former og variantar. Kor vanskeleg skal ein gjere det til? I dagens samfunn er det fleire og fleire som står fram med ein homofil legning. Det å vera homofil, lesbisk, eller trans for all del, er blitt normalt og ikkje minst godteke blant dei unge. Det blir eg so stolt av!

Alle skal få ha si meining, og dette er mi. Eg er født inn i den norske kyrkja; eg er døypt der og konfirmert der. Og då skulle det berre mangle at eg får lov til å gifta meg der òg – om det so er med ei kvinne. Å elske er ein menneskerett. Akkurat det har kyrkja mi endeleg innsett. Og akkurat det er eg så sjeleglad for. Hurra for kjærleiken, og hurra for dei homofile!