– Flyavgifta bør opp fleire hundre kroner.

NPK-NTB
NPK-NTB

Flyavgifta på 88 kroner påverkar reiselysta for lite. Men ei avgift på 400 kroner kan gje merkbare utslag, trur transportforskar.

Viss regjeringa ønskjer å få folk til å fly mindre, er ei avgift på 88 kroner per flyreise lite, særleg på lange turar, meiner Harald Thune-Larsen, forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

– 80 kroner for ein tur til Thailand gjer ikkje så mykje til eller frå for om folk reiser eller ikkje, seier Thune-Larsen til Vårt Land.

Venstre føreslo i det alternative statsbudsjettet sitt ei avgift på 50 kroner på flybillettar innanlands og til Europa, og mellom 175 og 300 kroner på flyreiser til utlandet.

LES OGSÅ:«Sjokk-sjokket»

Arbeidarpartiet vedtok på landsmøtet sitt i fjor å greia ut ei flyseteavgift etter tysk mønster, der langdistansereiser vil få ei avgift på nærmare 400 kroner.

– Det kunne nok få meir effekt. Då ville ho ramma flygingar til mål som Thailand og USA mykje hardare, seier Thune-Larsen.

Forskaren reknar med at Ryanair no vil utnytta flyflåten sin ein annan stad i verda, men eventuelt redusera han på sikt viss avgiftene blir endå høgare enn i dag. På lang sikt trur han at avgifta kan få noko å seia for flytrafikken i og til og frå Noreg.

– Men om ein meiner at avgifta skal ha miljøeffekt, reagerer eg på at ho ikkje er innretta meir etter avstand. Lange flyreiser forureinar mykje meir, seier Thune-Larsen. (©NPK)

LES OGSÅ:Jublar for dyrare straum og fly

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

ANNONSE