Forbrukarrådet reagerer på at offentlege verksemder brukar dyre femsifra telefonnummer til sine servicetelefonar. 

NPK-NTB
NPK-NTB

– Dårleg service, meiner rådet.

– Offentlege etatar må byte ut sine femsifra nummer med vanlege nummer som ikkje kostar noko meir, seier fagdirektør for offentlege tenester og helse i Forbrukarrådet Anne Kristin Vie til VG.

LES OGSÅ: Ny rapport: Befal mobbar sine eigne

Ho meiner at det rett og slett er dårleg service at forbrukarane må betale ekstra når dei ringjer sjukehus, politi eller kommunale etatar.

– Alle telefonoperatørar tar meir betalt for ein samtale til eit femsifra nummer enn eit vanleg telefonnummer. Ein 10 minutt lang samtale vil som regel koste ein stad mellom 20 og 30 kroner, avhengig av kva operatør ein har, seier ho.

Det er teleoperatørane som får fortenesta på slike nummer, ikkje dei verksemdene som nyttar dei.

Også Forbrukarrådet har tidlegare hatt eit slikt femsifra telefonnummer, men kutta bruken av dette i fjor.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE