Protesterer mot asylforslag for mindreårige

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa føreslår å gje einslege mindreårige asylsøkjarar mellombels opphaldsløyve fram til dei fyller 18 år, uavhengig av alder og uavhengig av om det ligg føre behov for vern.

LES OGSÅ: Om dei som flyktar og dei som skal ta imot

Først når dei blir myndige får dei vite om dei får bli i landet.

– Det er bredt dokumentert at det å leve med mellombels opphald frårøvar barn livsgleda og gjer dei sjuke. Ingen barn skal måtte leve slik, seier Tove Wang, generalsekretær i Redd Barna.

LES OGSÅ: Vil knuse mytar om syriske flyktningar

Redd Barna er saman med 33 andre organisasjonar, som Raudekrossen, Unicef Noreg og fleire ungdomsparti, er sterkt usamde i regjeringsforslaget.

Under markeringa, utanfor Stortinget torsdag klokka ni, blir partia difor bedt om å røysta nei til forslaget.

LES OGSÅ: «Dagens asylsystem lokkar unge i dødsfeller»