Piggsvin er annleis enn andre små dyr.

Kjersti Kildahl/NIBIO
Kjersti Kildahl/NIBIO

Saka er laga av NIBIO – Norsk institutt for bioøkonomi.

Ei fersk kartlegging av ‘piggsvin i Oslo’ viser at dei bur i byen. Kartlegginga var ein del av masteroppgåva til Ingrid Hjorth-Johansen. Ho ville studere korleis natur opptrer i by, og vurdere ulike metodar for informasjonssanking. Som case valde ho piggsvin. Dessutan ville ho sjå kva forskjellig bruk av areala hadde å seie for talet på observasjonar av piggsvin. 

– Utgangspunktet for oppgåva var å vise at naturforvaltning også er viktig i by, seier Ingrid Hjorth-Johansen.   

Det eksisterer ikkje eigne retningslinjer for forvaltning av dyreliv i by i Noreg. 

Stor positiv respons
Å definere natur er ikkje enkelt. Mange svar vil vere rette sjølv om dei er indiviuelt ulike. Uavhengig av korleis forskjellige menneske oppfattar natur, ser behovet for kontakt med naturen ut til å vere til stades i alle menneske, om enn i ulik grad. 

LES OGSÅ: Livet i ørnereir på reality-tv

– Eg vart overraska over den overveldande responsen som kom etter oppfordringa om å melde frå om observasjonar av piggsvin, fortel Ingrid, før ho legg til:

– Så overraska vart vi av engasjementet, at vi valde å gjere ei eiga spørreundersøking knytt til akkurat det. Var det piggsvinet som gjorde at dei  svarte, eller ville dei svart like villig om det gjaldt rotter eller grevling? Eller flaggermus? Slike spørsmål lurte eg på. 

Svaret skulle vise seg å vere ja, sjølv om rotter fekk noko mindre tilslutnad enn flaggermus. Folk er tydelegvis opptatt av natur i by, og vil gjerne bidra til meir kunnskap om dei blir spurt.

Transekt ut – sosiale medier inn
Når Ingrid seier ‘vi,’ er det eit uttrykk for det gode samarbeidet ho fekk med rettleiaren sin, Wenche Dramstad, i prosessen med oppgåva. Dramstad er landskapsforskar ved NIBIO, og professor II ved NMBU i seksjon for landskapsplanlegging. 

– Planen var å samle inn data via transekt, fortel Dramstad. Det betyr å leggje ut faste ruter som ein registrerer informasjon langsmed. Ho forklarer:

– Ein går opp kvar rute i nokolunde same fart, og registrerer den aktuelle informasjonen etterkvart som han dukkar opp, kall det gjerne å  ‘sample’ landskapet. 

I teorien skal ein da finne noko av det ein ser etter, og funna blir plotta i eit kart som dannar  datagrunnlag for vidare forsking. 

Basert på hypotesar om kor piggsvin kunne finne næring, og med eit sideblikk til ein liknande studie som vart gjort i Oslo for vel 15 år sidan, valde ein ut område for registrering.   

Dessverre fann masterstudenten ingen piggsvin etter å ha tråla transekt for transekt, time etter time, natt etter natt. 

– I tillegg til at eg ikkje fann piggsvin der vi antok dei ville vere, var det jo eit sikkerheitsaspekt ved dette som spelte inn, seier masterstudenten med eit smil.

– Det var jo ikkje heilt risikofritt for ei ung kvinne å farte rundt i byens parkar og portrom på ‘feil’ tid av døgnet.

Etter null funn via den klassiske transektmetoden, var det på tide å tenke nytt. Student og rettleiar vart da einige om å prøve ut sosiale medier til datafangst. 

Gjennom samarbeid med Oslo kommunes bymiljøetat vart det på deira Facebook-vegg lagt ut ei oppfordring til folk om å melde frå om observasjonar av piggsvin i byen. 

– Det tok heilt av! ler Ingrid. På få dagar fekk eg inn hundrevis av observasjonar å jobbe vidare med.

LES OGSÅ: Filma mini-tornado

– Folk fortalde kor dei hadde sett piggsvin, om dei hadde sett dei fleire gonger, og om piggsvinet dukka opp på ein fast plass. Slik kunne vi plotte eit kart som viste stad og tal på alle piggsvinfunna. 

Masteroppgåva viser på denne måten nytten som forsking kan ha av sosiale kanalar for innbyggjar-dialog og deltaking, såkalla citizen science. Det vil seie metodar der frivillige utan forskarbakgrunn blir engasjerte i datainnsamling.

Høg asfalt-toleranse
Det skulle vise seg at piggsvina vart observerte i større grad på uventa plasser enn der ein venta å finne dei. Observasjonane viste at dei er til stades langt inn i tettaste bykjerna. 

– Med utgangspunkt i datagrunnlag som NIBIO hadde tilgang til, kunne vi fylle på med informasjon om dei areala der folk rapporterte om piggsvinobservasjoner, fortel rettleiaren.

– Vi la eit rutenett over byen og fann ut kor mykje  «grønt» og «grått» areal det var i kvar rute, det vil seie mjuke kontra harde flater. 

Materialet viste ein svært høg score av observasjonar i område med mykje «grått», altså mykje asfalt og betong. Fleirtalet vart gjort i miljø med blanding av grønt og grått. Det tyder på at dyret har høg toleranse for harde flater som asfalt og betong.

Kva forklarer høge funn midt i byen?
Det kan vere ulike årsaker til dei mange observasjonane som vart gjort i den sentrale bykjerna. Ein del av forklaringa er truleg at her er det folk i gater og parkar stort sett heile døgnet. Nattdyret piggsvin får ikkje vandre heilt aleine. Ein annan faktor kjem frå biologen Dramstad:

– Noko av grunnen til at piggsvin finst så langt inn i byn, kan vere at dei blir pressa inn mot  sentrum av sin naturlege fiende, grevlingen.

– Han held seg meir i utkanten av byen, og da kan det vere tryggare for piggsvinet å trekke innover sjølv om andre farer ventar der, seier ho.

Det viste seg elles at det var fleire piggsvinobservasjoner ved Politihuset enn i Pilestredet, der var det ingen. Så kan ein lure på kva det er med tilhøva rundt Politihuset som er attraktive for piggsvin.

Svaret kan vere nærleiken til grøntareala i Botsparken, og at piggsvin er tilpasningsdyktige. Dei treng tilgang til mat, og rusk og rask for å laga seg buplass. Slike miljø finst i byens mellomrom og typiske ‘ingenmannsland.’

LES OGSÅ: Tett på meiselivet

Kvifor likar vi piggsvin?
Mange smiler når dei høyrer ordet piggsvin. Kva er grunnen til det?  Spørsmålet gjekk til Vidar Selås, professor ved institutt for naturforvaltning ved NMBU. Han har forska på smågnagarar, og underviser og rettleier studentar innan zoologi, økologi og naturforvaltning.

– Piggsvin er annleis enn andre små dyr, innleier han.

– Ein ting er at dei har spesiell utsjånad, noko Kjell Aukrust portretterte så treffande i sin Ludvig-karakter. Ein annan ting er at piggsvin, i motsetnad til dei fleste andre dyr, ikkje blir redde og stikk av. Dei krøllar seg berre saman og blir verande, seier Selås.   

Slik kan vi kome tett innpå dei utan at dei flykter. Dei har få naturlege fiendar, og er derfor uredde, samtidig som dei ikkje er spesielt truande. 

Dessutan gjer dei ikkje skade. Tvert imot er dei kjente for å gjere nytte for seg. Dei et sniglar for eksempel. Tidlegare vart det og gjort eit poeng av at det var bra å ha piggsvin i nærområdet fordi dei tar hoggorm. Piggsvinet er immun mot gifta til ormen. 

– Da eg vaks opp, var det ikkje uvanleg at folk sette ut piggsvin i hagane sine, fortel professoren. Eg vil tru det var både fordi dei vart rekna som nyttige, og fordi dei er trivelege, seier han. 

Fordi mange set pris på piggsvinet, er det og mange som ønskjer å mate dei, til dømes med mjølk. Det oppmodar Selås til ikkje å gjere. Normalt  treng ikkje piggsvin å fôrast, og mjølk toler dei ikkje. 

Urbane og tilpasningsdyktige
Av observasjonane går det altså fram at piggsvin finst i område med høgare andel betong enn grøntareal. Ein kan og konkludere med at dei har utvida kosten. 

Gatekjøkkenmat, hamburgar og pommes frites er døme på kva folk rapporterte at dei hadde sett piggsvin ete. 

– Kanskje er det så enkelt at om dei skal overleve i byen, så må dei gjere det på byens premissar, seier masterstudent Ingrid Hjorth-Johansen. 

Sjølv om svært mange observasjonar vart gjort i sentrum, betyr ikkje det at piggsvina ikkje lenger er i bustadområde og hagar. 

– Det betyr berre at dei finst i byen, og på heilt andre stader enn ein skulle tru, rundar ho av med. Og at dei er stort sett alle stader der det er folk, sjølv heilt i inne i bykjerna. 

Piggsvinet er altså både urbant og tilpasningsdyktig, med høg toleranse for betong og usunn mat. I positiv forstand betyr det at piggsvinet er ein generalist med velutvikla evne til å overleve.

LES OGSÅ: Sjøfuglar likar ikkje endring

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE