Han avviser heilsvart supermåndag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit stort fleirtal av kommunane som hadde folkeavstemming måndag, sa nei til samanslåing. Men resultat i innbyggjarundersøkingane muntrar opp kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

Ifølgje statsråden gir det nemleg eit feil bilete å berre studere folkeavstemmingane. Hans eiga oversikt er mykje meir oppløftande for regjeringa, som lenge har ivra for samanslåingar.

– Det kom mange gode nyheiter måndag. 20 kommunar sa ja og 26 kommunar sa nei når ein ser resultatet av folkeavstemmingar og innbyggjarundersøkingar samla, seier Sanner.

Samansett
Sanner opererer med litt andre tal enn oversikta i Kommunal Rapport etter folkeavstemmingane, og oppgav ja i 9 og nei i 20 kommunar då NTB snakka med han tysdag formiddag. Kommunalministeren har også lagt til innbyggjarundersøkingane som vart klare fredag og måndag, og i ei slik oppstilling er 16 kommunar positive til samanslåing, mens det i 22 kommunar er fleirtal mot.

– No er det opp til lokalpolitikarane å seie sitt, men eg meiner det ligg an at vi får fleire nye, sterkare velferdskommunar, seier Sanner, som tydelegvis har lagt ordet «robust» på hylla.

Låg valdeltaking
Valdeltakinga i folkeavstemmingane er i gjennomsnitt på 57 prosent, ifølgje Kommunaldepartementet.

– Eg trur mange lar vere å stemme fordi dei synest det er greitt at kommunestyret tar avgjerda. I tillegg er det kjent at folkeavstemmingar ofte mobiliserer dei som er imot. Derfor er innbyggjarundersøkingane i mange tilfelle meir representative, seier Sanner.

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner Sanners måte å lese tala på ber heilt gale av stad.

– Eit frieri der 50 prosent seier ja blir uansett avvist. At valministeren meiner at meiningsmålingar er betre enn val, er uhøyrd. Meiningsmålingar gir tolkningsmonn. Mange av spørsmåla i innbyggjarundersøkingane er leiande, seier Vedum til NTB.

Han viser til at valdeltakinga ved fylkestingsvalet sist var under 56 prosent og meiner supermåndagen innebar eit nytt nederlag for Sanner.

– Folk vil ikkje ha den sentraliseringa han ivrar for. Med unntak av den sentrale kommunen i eit område, seier kommunane nei. Det er det generelle biletet.

Fristen kan tøyast
Innan 1. juli har kommunane frist til å fatte vedtak om frivillig samanslåing. Men fristen kan bli tøygd i enkelte tilfelle.

– I spesielle tilfelle vil ein kunne avklare med fylkesmannen kva som må vedtakast når, men hovudfristen ligg fast, seier Sanner.

Han meiner reforma er i god rute, men vil ikkje no talfeste kor mange færre kommunar det blir.

– Det er for tidleg å spekulere på dette, men det går i rett retning. Det er 250 kommunar som har inngått ein intensjonsavtale om samanslåing. Og dersom ein for to år sidan hadde sagt at 20 kommunar skulle seie ja og 26 nei på ein såkalla supermåndag, hadde få trudd på det, seier Sanner.