Uber – no også for rullestolbrukarar

UBerWAV skal gjere reising lett og rimeleg for rullestolbrukarar i London. Uber Noreg kan ikkje lova det same.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke fekk London tilleggsfunksjonen UberWAV (Wheelchair Accessible Vehicle), som gjev rullestolbrukarar høve til å bestille spesialtilpassa bilar gjennom den populære transport-appen Uber.

UberWAV-bilane er utstyrt med ein rullestolrampe, vinsj og ekstra belte.

LES OGSÅ: Stine Machlar:– Funksjonshindra vert diskriminert

Ekstra ventetid
UberWAV er allereie eit tilbod i fleire store amerikanske byar.

For å få tak i dei rullestoltilpassa bilane vel ein UberWAV i Uber-appen. Bilane kostar det same som ein vanleg Uber i London, men ein må rekna med noko lenger ventetid. Dei første vekene må rullestolbrukarar rekna med å venta mellom 25 og 40 minutt, avhengig av kvar i byen kunden er.

– Lanseringa av UberWAV er eit viktig steg framover mot praktisk, trygg og rimeleg transport tilgjengeleg for alle med eit tastetrykk. Det nye alternativet gjev rullestolbrukarar ein ny måte å kome frå A til B, til prisar som er i snitt 30 prosent lågare enn taxi, seier sjef for Uber London, Tom Elvidge, i ei pressemelding.

Tilbodet er utarbeidd i samarbeid med organisasjonane Scope og Whizz-Kidz, i tillegg til Transport for All og Inclusion London, som har laga eit opplæringsprogram for UberWAV-sjåførar.

LES OGSÅ: Mamma på hjul

Urettvise ekstrakostnadar
Ifølgje pressemeldinga er berre éin av fire undergrunnsstasjonar i London tilpassa rullestolbrukarar. I tillegg kan taxi og andre private tilbod vere dyre og ha lang ventetid, noko Elvidge lovar at Uber vil jobba for å unngå.

I ein britisk rapport utført av The Extra Cost Comission i 2014 fortel nesten to tredelar av rullestolbrukarane at dei har opplevd urettvis overprising for transport. Samstundes er dette ei gruppe som oftare treng taxi eller leige av privatbil.

Leiar for kommisjonen, Robin Hindle Fisher, viser til at over 11 millionar britar har ei form for funksjonshemming. Kjøpekrafta til denne store gruppa vert i Storbritannia referert til som purple pound, som ein reknar med utgjer 200 milliardar britiske pund årleg.

– Folk med funksjonshemming burde difor vere ei svært mektig konsumentgruppe i økonomien, slår Fisher fast.

LES OGSÅ: Mari Storstein: – Fridom å gjere det ein har lyst til

Uber Noreg
I ein e-post til Framtida skryt Uber Norge-sjef Carl Edvard Endresen over det nye tilbodet i London. Men han kan ikkje lova eit tilsvarande tilbod i Noreg med det første.

– Sjølv om me ikkje kan diskutera konkrete planar for Noreg, vil me alltid sjå etter nye måtar å få folk i Oslo rundt i byen deira, seier Uber Norge-sjefen i ein e-post via ein pressekontakt.