Her sa 89 prosent nei til stor-kommune

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje ei undersøking i Ålesund kommune i mai, kunne dei godt tenkje seg å danne ein storkommune. Men i dei mindre sunnmørskommunar der folket sa si meining torsdag er motstanden stor.

Kommunane Ålesund, Giske, Haram, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven og Ørskog har i forkant av folkeavstemmingane og spørjeundersøkingane gjort ein intensjonsavtale om samanslåing. Den har ikkje falle i god jord hos innbyggjarane.

Ordførarar for og imot
I Sula var dommen frå innbyggjarane også klar. Der ville 89 prosent halde fram åleine.

– Det er bra at folket er på linje med det politiske fleirtalet i kommunen, seier Sula-ordførar Jim Arve Røssevold til NRK.

I Giske stemte 78 prosent for eigen kommune trass i at ordførar Harry Valderhaug (KrF) i forkant var veldig positiv til intensjonsavtalen.

Han trur den labre stemninga blant veljarane kjem av at politikarane i kommunane ikkje har lykkast i å overtyde innbyggjarane. I kommunen møtte under halvparten av dei stemmeføre opp til valet.

– Avtalen vart for rund og lite konkret, seier ordføraren til Sunnmørsposten.

QUIZ: Kan du dine kommuneslagord?

Klart nei
Fleire andre kommunar viste også tydeleg at dei ikkje har tru på at avtalen er bra for dei. I desse kommunane var svaret nei: Stordal med 54 prosent, Herøy med 62 prosent, Hareid med 72 prosent og Ulstein med 63 prosent.

– No slepp vi jo å skifte ut HØ på båtane våre, seier Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr (H) til Sunnmørsposten. Han var førebudd på eit nei ut ifrå inntrykket han har fekk frå folk i forkant av folkeavstemminga.

LES OGSÅ:Mange små kommunar seier nei

Fleire for mindre samanslåingar
I Norddal var alternativa å fortsette åleine, eller slå seg saman med Stordal, Ørskog og Skodje. Der stemte 45 prosent for å fortsette åleine, mens 36 prosent stemte blankt.

I Skodje stemte 47 prosent for å slå seg saman med Storfjord kommune. I Haram vil 52 prosent av innbyggjarane ha ei samanslåing med Sandøy.

I Ørskog svarte 83 prosent ja til ein landkommune saman med Skodje, Stordal og Norddal.

I Ørsta stemte 62 prosent nei til samanslåing med Volda, mens i Volda seier nærare 70 prosent nei til samanslåing med Ørsta, skriv avisa.

Sykkylven har utført ein innbyggjarundersøking, men vil vente med å legge fram resultatet til Stranda har halde innbyggjarundersøking tidleg i juni.

Fristen for å fatte vedtak om frivillig samanslåing er 1. juli. (©NPK)

LES OGSÅ:– Har hatt veldig lite om valet på skulen