– Har hatt veldig lite om valet på skulen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Supermåndag kan endra Noregskartet

Måndag er det supermåndag for kommunereforma. 23 kommunar har folkerøysting om dei skal slå seg saman med ein eller fleire nabokommunar.

– Det er kjekt at me får noko å seia, men eg veit ikkje om det er så mange på min alder som stemmer, seier Frida Haukanes til Framtida.no rett etter at ho nytta stemmeretten sin for første gong på Stord.

På øya Stord er det i dag to kommunar; Stord og Fitjar. I folkerøystinga om samanslåing får alle som fyller 17 år i år lov til å stemma.

– Eg stemte ja til samanslåing. Eg trur ikkje stordabuen har noko å tapa. Dei styrer godt i Fitjar, og kanskje noko kjem til å bli betre for oss, seier ho.

– Har de snakka om folkerøystinga på skulen?

– Me har snakka veldig lite om det.

– Kva har de snakka om, då?

– Me har snakka om kor lite me har snakka om folkerøystinga.

LES OGSÅ: Fleirtal for fleire gulrøter til samanslåing

Har førebudd seg
Aslak Espeland Solhaug (16) stemmer òg for første gong. Han har førebudd seg på valet og sett på korleis det har gått i andre land som har slått saman kommunar.

– Eg har mellom anna sett på korleis det har gått på Island, og der har det gått bra, seier han, men vil ikkje seia noko om kva han stemte.

Frida Solhaug (18) har òg nytta stemmeretten sin.

– Eg stemte ja, fordi me mest sannsynleg blir slått saman uansett, og fordi eg trur det er masse fordelar med det.

LES OGSÅ: Nølande ja til samanslåing i Sunnfjord

Frida Solhaug (18) røysta for éin kommune på Stordøya.

Faktaboks

Her er oversikt over kommunane med folkerøysting måndag 25. april:

Rogaland:

•Hå
•Time
•Klepp

Hordaland:

•Stord
•Fitjar

Sogn og Fjordane:

•Selje
•Vågsøy

Møre og Romsdal:

•Vanylven
•Aure
•Halsa
•Surnadal
•Sunndal
•Tingvoll
•Averøy
•Nesset
•Eide
•Fræna
•Aukra
•Midsund
•Rauma
•Vestnes

Sør-Trøndelag:

•Hemne

Akershus:

•Rælingen