Brenna og al-Kubaisi får Fritt Ords Honnør
Høyr podcast med Walid al-Kubaisi!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Får Fritt Ords Honnør
Loveleen Rihel Brenna og Walid al-Kubaisi får Fritt Ords Honnør for sine innsiktsfulle bidrag i norsk offentlegheit dei siste to tiåra.
Stiftelsen Fritt Ord rosar Brenna og al-Kubaisi spesielt for innspela i innvandrings- og integreringsdiskusjonar. Dei blir heidra for å ha deltatt på sekulære premissar, og bidratt til nyansering og vitalisering av mangfaldsdebatten.
– Loveleen Rihel Brenna fekk sist merksemd i vår då ho sette søkjelyset på den nye, forsterka tendensen til å definere nordmenn med etnisk minoritetsbakgrunn som «innvandrarar» til evig tid, skriv stiftinga om 48-åringen som kom til Noreg frå India saman med foreldra i 1972.
Brenna driv konsulentfirmaet Seema AS som arbeider med leiaropplæring og organisasjonsutvikling for å styrke mangfaldet i norsk arbeidsliv. Ho har hatt ei rad verv i samfunnslivet.
– Walid al-Kubaisi er forfattar og statsstipendiat, og har i ei årrekkje markert seg som ein kraftfull og original skribent. Det viktige bidraget hans i samfunnsdebatten har ofte eit kulturkritisk og religionskritisk perspektiv og byggjer på stor innsikt og kunnskap, skriv stiftinga om 58-åringen som flykta frå Irak i 1981 og kom til Noreg seks år seinare.
al-Kubaisi er fast skribent for Dag og Tid.
Honnørmottakarane får 100.000 kroner kvar. Tildelingsarrangementet er 16. juni. (©NPK)
HØYR PODCAST MED AL-KUBAISI:Tar eit oppgjer med norsk islam-debatt