Bergensstudent blei verdskjend kunstnar på nett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Studvest

– Eg har selt fleire titusenar produkt det siste året og tent meir på det enn eg nokon gang hadde sett for meg at var mogleg, seier Andreas Lie, som studerar elkraft ved Høgskolen i Bergen, om suksessen han har opplevd gjennom å selje kunsten sin på nett.

I eksamensperioden i mai 2014 følte Lie at han trengde ei kreativ utblåsing, og fann ut at det ville hjelpe på studentøkonomien om han selde bileter han sjølv hadde laga på nett. Dette var berre starten for Lie.

– Etter omtrent eit år publiserte nettsidene «Bored Panda» og «This Is Colossal» artiklar om mine bilete omtrent på same dag. Bileta gjekk då viralt og var fort på topp hos dei fleste delingssider som 9GAG, Imgur og reddit.

Society6 er ei nettside der ein kan laste opp eigen kunst og velje kva type produkt den skal printast på, i tillegg til at den vil bli solgt i diverse kunstprint. Ei anna kjend nettside med same konsept er Redbubble. Dei har til felles at seljaren kun treng å laste opp biletene og velje kva dei skal tykkjast på, medan nettsidene sørger for produksjon og levering. Kunstnaren beheld alle rettigheiter til sin eigen kunst.

– Hovudsakleg sel eg gjennom Society6, men og gjennom mange andre, både online og i butikk. Felles for alle er at dei tek seg av logistikken, som printing og shipping, mens eg lagar sjølve produktet, seier Lie.

– Overfladisk kunst
Annette Kierulf, professor ved Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (KHiB), meiner konsept som society6 og liknande sider kan bli litt overfladisk.

– Det kan jo ha sin verdi, som ei lekker pop-låt, men det eg tykkjer er interessant med kunst er moglegheita til å jobbe på ein meir fordjupa måte. Det blir ein light-versjon av eit galleri, seier ho, og legg til:

– Det er jo betre enn å kjøpe masseproduserte ting på IKEA. Så i det perspektivet tykkjer eg det er bra at kunstnarane får moglegheit til å formidle til heilt andre folk enn dei som ville ha komme på ein utstilling i Bergen.

Tatoveringar og New Zealendarar
Etter at kunsten hans blei kjend på nett har Lie fått moglegheit til å stille ut verka sine i Frankrike, Japan og USA. Han får og førespurnader frå band som vil ha kunsten hans som album-cover, og filmskaparar som vil bruke bileta hans i filmane sine.

– Det er og sprøtt med alle desse som tek tatovering av det eg lagar. Det er ikkje uvanleg at eg får fleire spørsmål i veka frå folk som lurer på om det er greit at dei tek tatovering av arbeidet mitt, seier han.

Lie fortel at han ikkje merkar særleg til suksessen i det verkelege liv, berre på internett. Han set pris på å ha det slik, seier han.

– Det er mange som kjenner til bileta mine, og eg ofte blir tagga i bileter som har liknande stil utan at eg har laga dei. Ei pussig historie eg har blitt fortalt var fra ei venninne av bror min som var i New Zealand. Ho hadde fortalt nokon lokale at ho var frå Noreg, og fått spørsmål tilbake om ho hadde høyrt om Andreas Lie. Må innrømme at eg blei litt paff då eg høyrte det.

Ikkje salsfokus i studietida
KHiB-professor Kierulf har studentar som nyttar seg av nettsalg for å få kunsten sin ut i verda. Nokre av dei sel kunst helt til USA. Professoren understreker likevel at det ikkje er sikkert at internett er veien å gå for alle kunstnare – ho gir individuelle tips til kvar og ein student til korleis dei skal få solgt kunsten sin.

– Ein kan heldigvis ha ulike moglegheiter for inntekt. Samtidig så er akkurat dei åra dei går på akademiet og undervisninga me held på med ikkje fokusert i den retninga. Sjølv om me er positive til at studentar har utstillingar og sel arbeider, så er jo utdanninga eit friområde. Den økonomiske verkelegheita vil komme tidsnok etterpå, men me snakkar jo om det, sjølvsagt, seier ho.

EIGA STIL. Andreas Lie har vorte kjend for å bruke ein stil kalla «double exposure», der han set saman fleire bilete til eitt. FOTO: PRIVAT

Overlevingskurs i siste semester
Student ved KHiB, Cara Lien, fortel at ho så langt i studieløpet ikkje har lært noko konkret om korleis ho skal selje kunsten sin. Ho sel sjølv kunst via Facebook og Instagram, og seier at ho har utforska korleis ho skal selje kunsten sin på eiga hand.

– Det siste halvåret har eg byrja å promotere kunsten og publisere bilete med hensikten av å få solgt dei. I det siste har eg solgt noko kvar månad, fortel Lien.

Kierulf fortel at KHiB tilbyr det ho kallar eit overlevingskurs mot slutten av studiet.

– Det går for eksempel på korleis å førehalde seg til Copyright og skattemyndigheiter. Kunstnarar blir på ein måte sjølvstendig næringsdrivande, og det er ganske mange aspektar innanfor det. Du må jo vere din eigen manager, om du ikkje får deg ein gallerist. Det krev ein god del sjølvstendigheit, seier Kierulf.

Student Lien, som er i ferd med å fullføre andre året, meiner dette stemmer overeins med hennar opplevingar.

– Så vidt eg har forstått er det sånn at alvoret setter skikkelig inn der, at det er då ein byrjar å fokusere mykje meir på dei skriftlege delane, altså korleis ein skal selje seg sjølv som kunstnar og korleis ein skal søke støtte. Så vidt eg har opplevd har dei to første åra gått ut på kven ein er som kunstnar og korleis ein kan gjere det best for seg sjølv.