Miljøorganisasjonar rasar mot auken og aksjonerer mot å opna for nye oljefelt i Arktis.

mm
Faktaboks

Olje- og energidepartementet delte på onsdag 18. mai ut 40 felt i Barentshavet. Regjeringa opnar med dette nye havområde for oljeindustrien for første gong på 25 år. Det har aldri blitt opna for oljeboring så langt nord. Totalt er 27 av dei 40 tildelte blokkene delt ut trass i miljøfaglige råd frå Polarinstituttet og Miljødirektoratet. I samarbeidsavtala til regjeringa med KrF og Venstre står det at det ikkje skal opnast for oljeaktivitet ved iskanten.

LES FAKTALUKK FAKTA

Utslepp frå norske område var på 53,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2015. Det er ei auke på 0,8 millionar tonn – opp 1,5 prosent samanlikna med året før. Det viser tal frå SSB som kom i dag.

– Frå og med i dag kan ikkje regjeringa seia eit ord om det grøne skiftet. Dette er ein totalfallitt frå regjeringa. I tillegg har dei nettopp fatta eit vedtak om å opna Arktis for oljeleiting og auka utsleppa endå meir, seier Bellona-leier Frederic Hauge i ei pressemelding.

Igjen er det oljebransjen som trekkjer opp dei norske utsleppa. Knarr-feltet utanfor Florø hadde den største auken, og slapp i fjor ut 400.000 tonn CO2 . Det er meir enn dei aller fleste industriføretaka på land.

LES OGSÅ:Steilar etter opning av nye oljefelt

Aksjonerte mot regjeringa

Fredag 20. mai aksjonerte 200 personar frå Natur og Ungdom og fleire andre miljøorganisasjonar utanfor Slottet. Markeringa var for å visa motstand mot 23. konsesjonsrunde og tildeling av utvinningsløyve for olje i Arktis.

– Å opna desse områda er heilt klårt å drita blankt i klimaavtala frå Paris, og utradera Noregs rykte som miljønasjon. Regjeringa viser ein fullstendig mangel på respekt for framtida vår med denne oljebonanzaen i Barentshavet, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

– Regjeringa har overkøyrt miljøfaglige råd på det grovaste, og gamblar med uerstattelege naturressursar i isfylte farvatn. Dette er heilt klårt i strid med den samarbeidsavtala Krf og Venstre har med regjeringa om å ikkje ha oljeaktivitet ved iskanten. No må støttepartia visa at dei ikkje berre har det i kjeften, men stoppar galskapen, seier Skjoldvær.

LES OGSÅ: – Regjeringa bryt samarbeidsavtalen

Kutt på 40 prosent innan 2030

Etter ein mangeårig trend med reduksjon i utslepp av klimagassar, auka utsleppa i 2015 med i underkant av 0,8 millionar tonn CO2-ekvivalentar samanlikna med 2014, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå og Miljødirektoratet.

– Noreg har ein ambisiøs klimapolitikk. Me var tidleg ute med blant anna CO2-prising. Utan alle verkemidla som er sett i verk, ville dei norske utsleppa av klimagassar vore 17-20 millionar tonn høgare i 2020 enn dei liggar an til no, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen i ei pressemelding.

I fjor foreslo regjeringspartia, Venstre og KrF eit nytt klimamål. Noreg skal kutta utsleppa med minst 40 prosent i 2030 samanlikna med 1990, og skal gjennomføra dette saman med EU.

Ta den store klimaquizen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE